Borga på Osøyro del 2: Dette var ille!
Lesarinnlegg: «Han sa ja», vil de nok seia. Men då fortel de ikkje at de også ringde ein av dei andre i styret som sa blankt nei.


Den siste tida har eg saman med naboane her på Nedre Moberg tatt på meg å få rusta opp leikeplassen og friområdet i Kolabakkane etter at området vart rasert med brakkeriggar og anleggsutstyr utan at vi fekk ta del i den avgjerda.
Til det vil de nok svara at de ringde han som då var leiar i det gamle velet, som de spurde nokre dagar føre brakkane kom.
«Han sa ja», vil de nok seia. Men då fortel de ikkje at de også ringde ein av dei andre i styret, som sa blankt nei.
Saka var i røynda avgjort før de tok ein telefon. Hadde de gått fram etter boka, hadde de vendt dykk til velet skriftleg, i god tid.
Det som bekymrer meg er at eg trur ikkje eigedomssjefen i kommune kan tatt avgjerda om å leiga bort fotballplassen vår for 100.000 kroner utan å lufta det for den politiske leiinga.
Han må ha fått løyve under handa, trur eg. Slik skal ein ikkje gå fram!
Eg er sjølvsagt glad for at vi no har fått eksklusiv bruksrett til friområdet.
Endå ein gong – takk for det. Men det skjedde utan at vi fekk vera med på å drøfta vilkåra som no er tinglyst på eigedomen.
No står vi berre på for å utvikla friområdet, til glede for alle som vil ta seg ein tur til Kolabakkane.
Vil de veta kva som skjer her i området så finn de det på nettsida vår.
Beste helsing – Knut Natvik





