Lokal | 30. juni 2011

– Dette vil vi ha meir av

Besøk på Vindfanget styrka Laila Reiertsen si oppfatning av at talet på tiltaksplassar bør aukast.

– Dette vil vi ha meir av
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 30. juni 2011 16:06

Vindfanget oppfølgingssenter er eit tilbod for personar med bakgrunn innan rus eller kriminalitet. Tiltaket, som blei etablert i Os i 2007, er eigd og drive av Kirkens Sosialtjeneste.

– Os kommune får mykje for pengane. Kommunen er inne med midlar, men betaler berre rundt ein fjerdedel av dei to millionane det kostar å driva Vindfanget i året, seier leiar Gunnvor Hernes Leonsen.

Måndag var stortingsrepresentant Laila Reiertsen (Frp) innom tiltaket i heimbygda hennar.

– Tiltak som fungerer!

Reiertsen fekk samtalar med både tilsette og deltakarar, omvising i senteret og på verkstaden og gode samtalar over kjøkkenbordet under felleslunsjen.

– Det er godt å sjå slike tiltak som fungerer, å sjå kor mykje tilboda betyr for deltakarane og kor flinke dei tilsette er til å gje dagen innhald og få framtida til å sjå lysare ut, seier Laila.

Senteret er ope for deltakarar frå klokka 10 til 14. Aktivitetar, praktisk arbeid, fiske og samtalar er blant det dei saman fyller tida med. Deltakarane har naturlegvis svært ulik bakgrunn og kvar sine mål vidare.

Treng hjelp til vegen vidare

Vindfanget har rundt 15 deltakarar frå 15 til over 60 år. Nokre av dei er ordinære deltakarar, andre har APS-plass eller KVP-plass (arbeidspraksis i skjerma verksemd/kvalifiseringsprogram).

– Vi fekk 5 KVP-plassar og 3 APS-plassar i fjor. Vi har i fleire år søkt om tiltaksplass, men det har vi førebels ikkje fått.

Tiltaksplass, det å ha ein som hjelper folk frå dei tidsfastsette APS- og KVP-plassane over i arbeidslivet, er noko både leiinga og nokre av deltakarane etterlyser sterkt.

– Det er naturleg at dei som er her for ein periode på to år blir usikre når det nærmar seg slutten på opphaldet. Dei vil gjerne vera vidare i same tiltak, eller dei føler seg klare for arbeidslivet og trenger litt hjelp til overgangen, seier Leonsen.

– Tala lyg

Stortingsrepresentanten er opptatt av fleksibilitet, ikkje statistikk, når det kjem til dette med tiltaksplassar.

– Regjeringa vil kutta og argumenterer med at vi på landsbasis har tilfredsstillande mengde tiltaksplassar. Det har dei sikkert rett i, men det er nok også delt ut tiltaksplassar til småkommunar som ikkje treng dei, men som ruger på tilskotet i frykt for å ikkje få nytt om dei få bruk for det seinare.

Ho meiner fleksibilitet og flytting av tilskota kan vera eit alternativ til å auka dei.

– Medan små kommunar gjerne får meir enn dei treng sit store bygder og små byar igjen med for lite. Det er jo tydeleg at det ikkje er god nok dekning der det verkeleg er behov, og det er veldig tydeleg at dette er ein form for tilbod som både deltakarane og samfunnet samla sett har mykje igjen for, seier Reiertsen.

Produktive deltakarar

I fjor flytta Vindfanget frå Vestre Lurane til Finnebrekka. I tillegg til sjølve Vindfanget, med opphaldsrom, kjøkken og kontor, disponerer dei ein garasje til den godt etablerte sykkelverkstaden deira i same gate, men på motsett side av vegen.

Blant dei praktiske prosjekta deltakarane ved Vindfanget er med på er sykkelreparasjonsprosjektet "Framdrift" det største.

– Tidlegare etterlyste vi syklar og fekk donert mange skadde som vi reparerte og selte. Men no har mengda reparasjonar auka så mykje at det er berre innimellom at vi rekk å setja i stand syklar for sal, seier rettleiar Harald Nilsen.

Då Midtsiden og Reiertsen var innom hadde han med seg Andreas Eikeland.

– Vi reparerer rundt 100 syklar i året, frå små til store reparasjonar. Leveringstida er vanlegvis ei veke eller to, men er det sykkeltur med ein skuleklasse morgonen etter så hender det at vi let folk snika seg litt i køen, fortel han.

Andreas har bakgrunn som bilmekaniker og manglar berre nokre månadar praksis før han får fagbrev. No har han som mål å starta bilpleie i Finnebrekka.

– Vi har ein rubhall ved sidan av sykkelverkstaden. Den vil vi støypa golv i og då kan vi ta inn bilar for enkel service og polering. På sikt håper eg vi får bygd eigen garasje til dette, seier han.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.