Kultur | 17. aug. 2012

Dex doblar

Mange gler seg til å oppleva Dex Carrington på Os, men dei under 20 år sendte klagebrev til standup-arrangør Jon Hægland. – No stiller komikarane opp også for dei under 20 år, seier Hægland.

Dex doblar
Jon Hægland (innfelt) serverer Dex Carrington også til 18-åringane laurdag 25. august. (Foto: KVB/pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 17. aug. 2012 16:13

Onsdag fortalte Jon Hægland frå standupklubben Råkt Opp & Ned at han startar hausten med blant andre Dex Carrington på plakaten.

Jon fortalte at han reknar med at Dex er ekstra populær blant dei yngre, men at han etter dårleg respons på show med 18-årsgrense i vår ikkje ville setja opp tilsvarande i denne runden.

– Å kjøra hovudshowet med 18-årsgrense er ikkje aktuelt for Irish Cat, for då måtte dei ha kasta ut alle i 23.30-tida for så å kontrollera alderen på alle på veg inn igjen.

– Men no har eg fått fleire tilbakemeldingar frå osingar i 18-årsalderen som er fortvila over at dei ikkje er gamle nok til å sjå Dex når han først kjem til Os, så då gjekk eg ein runde med komikarane.

Dei stemte samrøystes for ekstranummer for 18-åringane.

– Det betyr at vi kjører to klubbkveldar laurdag 25. august, ein klokka 19 med 18-årsgrense og ein klokka 21.30 for dei frå 20 år og opp, seier Hægland.

I tillegg til Carrington kjem Jan Tore Kristoffersen, Erlend Osnes og Anders McAuley til Os denne kvelden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.