Næringsliv | 21. sep. 2009

Diddy Toys til Os

40 paller med leikar skal på plass før den nye leiketøybutikken opnar på AMFI Os.

Diddy Toys til Os
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 21. sep. 2009 13:34

Diddy Toys høyres kanskje ut som ein internasjonal kjede, men innehavar Grethe Davidsen frå Askøy har berre to tilsvarande butikkar frå før.

- Eg overtok leikebutikken på Kleppestø Senter for to år sidan, og opna seinare ein Diddy Toys også på Oasen. Namnet på butikkane er også namnet på maskoten vår, apekatten Diddy prydar logoen vår, og kjem truleg i full storleik, i levande live, på opningsdagen, fortel Grethe.

Skulle kjøpa PC - fekk ny butikk
Det er tilfeldig at Diddy Toys overtar lokalet der Zizzy heldt til (må ikkje forvekslast med Olivia, som framleis er i full sving).

- Mannen min Vidar skulle kjøpa pc på Elkjøp på Askøy, som er eigd av same folk som har butikken på AMFI Os. Elkjøp-gjengen spurte om ikkje vi ville koma opp her. Etter dette gjekk det unna, seier leikesjefen, som overtok lokalet 7. september.

Nytt golv og nye fargar på veggane er på plass i det 150 kvadratmeter store lokalet ved sida av Cubus og kafeen i andre etasje. Torsdag i neste veke er det opning.

Nytt er hot
Grethe har jobba i leikebutikkar i rundt 10 år, og var klar på kva ho ville ha i hyllene då ho overtok sin første butikk.

- Eg skifta ut alt. Vi skal ha ein rein leikebutikk, og vi skal ha nye varer. Vi har klassiske leikar òg, som Lego, men leikar er trend, og leverandørane kjem med mykje nytt, også innan tradisjonelle leikar.

Leverandøren hennar er blant dei største i Norden, dei har blant anna eit eige merkenavn. I tillegg kjem varer frå merker som Lego og Fisher Price.

- Det hottaste no er Pet Shop for jenter og Bakugan for gutar. Mange av leikane kjem frå filmar på Disney Channel og Cartoon Network, no er G-gjengen i vinden, snart kjem leikar frå Toy Story 3, seier Grethe Davidsen.

Meir ledig plass
- Vi er veldig glade for å få Diddy Toys i utvalet, ein rein leikebutikk passar godt i vårt sortiment, og Davidsen ser ut til å vera ein flink butikkdrivar, seier senterleiar Anne Kristine Tøsdal.

Med innflyttinga til Diddy Toys fekk AMFI Os fylt eitt av to ledige lokale. Også lokalet der den konkursramma kjeden Wistex heldt til, står ledig.

- Her har vi ikkje teikna kontrakt enno, men dette kan vera ei fin tid å starta butikk på, i god tid før julehandelen, seier eigedomssjef Solveig Oksholm Hunhammer.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.