Lokal | 09. des. 2018

Dieselvarmar i båt tok fyr

Politiet stoppa promillekøyrar, brannvesenet rykte ut til Øyane.

Dieselvarmar i båt tok fyr
Brannvesenet og politiet rykte ut til Øyane i dag. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 09. des. 2018 17:08

Søndag litt før klokka 14 rykte politi og brannvesen ut til Bruarøy.

– Vi fekk melding om brann i ein dieselvarmar om bord i ein båt, fortel vakthavande hos Os brannvesen.

Båten låg til kai ved Bunnpris Vedholmen.

– Det blei heldigvis ikkje dramatisk. Brannen var sløkt då vi kom fram.

Mann i 50-åra mistenkt for promillekøyring

I 1.30-tida natt til søndag blei ein mann i 20-åra, som sat bak rattet i ein parkert bil, mistenkt for køyring i rus.

Søndag formiddag hadde politiet promillekontroll to stadar.

Frå klokka 10 til 11 blei 11 bilistar kontrollert, utan at det førte til reaksjon.

I Søvikvegen klokka 11.36 blei ein mann i 50-åra stoppa, mistenkt for promillekøyring. Blodprøve er sikra og det er tatt beslag i førarkort.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.