Kultur | 17. mai 2022

Direkte: Sjå alle sceneinnslaga på Oseana

Her kan du sjå konserten og talane til ordførar og russ.

Oseana 23. april. Også 17. mai har vi fått fint vêr i år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 17. mai 2022 05:50

Er du forhindra å delta i årets hovudprosesjon i Os sentrum, men vil ha med deg det meste frå dagen?

Midtsiden kjem etterkvart med bildeserie og video frå tog og scene.

Programmet i Oseana startar klokka 13.30, og inkluderer blant anna ein minikonsert med Mighty Magnolias.

Om du vil ha med deg alt som skjer på scenen i Oseana direkte, kan du sjå på kommune-TV eller i ruta under:

Programmet for Os sentrum

kl 10.40 i Minneparken: Kransenedlegging og ord for dagen ved kultursjef Erik Vangsnes. Song ved Os mannskor.

17. mai-toget:

Toget har oppstilling på fotballbanen på Giskavollen parkeringshus (den gamle grusbanen) på Osøyro klokka 11.

Avmarsj klokka 11.30.

Toget følgjer denne ruta: Landboden, Finnebrekka, Brugata, gjennom Øyro forbi Lundehjørnet til Byvegen og ut til Oseana.

Scenen sett frå området som normalt er backstage. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògSånn har du neppe sett Oseana før

Barnetoget stoppar på parkeringsplassen ved Oseana.

Oseana

  • Det offisielle programmet startar i Oseanasalen klokka 13.30 og varar i om lag ein time.
  • Song ved 1.-3. trinn og ord for dagen ved elevar på 7. trinn, Os barneskule
  • Ordførar Trine Lindborg held tale
  • Mighty Magnolias spelar
  • Russepresidentane talar: Os gymnas ved Isak John Bruarøy Hamilton, Fusa vidaregåande skule ved Ronja Berg og Os vidaregåande skule ved Ida Vaktskjold

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.