Politi | 13 timar sidan

Dirigerte kyr på heimebane

Delte ut bruksforbod til MC-førar og hjelpte bonde med å få storfe ut av fylkesvegen.

Dirigerte kyr på heimebane
I Mobergsbakken, ikkje langt frå politistasjonen, blei det behov for å rettleia kyr ut av bilvegen. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden (arkiv)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 25. juli 2026 09:52

Fredag i 23.30-tida fekk politiet melding om kyr i Mobergsbakken.

– Dei hadde retning Os sentrum. Saman med eigar fekk vi dei ut på beite igjen, seier vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon om kollegaene sin innsats i går.

Tidlegare på kvelden, i 18.30-tida, kontrollerte politiet ein motorsykkel.

– Denne hadde fleire feil og manglar. Førar, ein gut i tenåra, fekk bruksforbod og mangellapp.

– Han fekk òg eit gebyr, då skiltet var i feil vinkel.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Dirigerte kyr på heimebane