Lokal | 22. apr. 2016

Diskuterte naust i Oselvarnaustet

Naustforeininga Nytt i Naust er nøgd med både oppmøtet og engasjementet under det opne årsmøtet i Os onsdag.

Diskuterte naust i Oselvarnaustet
F.v.: Styremedlem Asbjørn Stavland, styreleiar Sverre Sangolt og prismottakar Lars Knut Aadland. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 22. apr. 2016 08:57

Bildeserie:

Nytt i Naust er svært nøgd med 17 deltakarar på møtet. (Foto: KVB)
Nytt i Naust er svært nøgd med 17 deltakarar på møtet. (Foto: KVB)
Sangolt fekk nye medlemmar frå andre kommunar enn Sund. (Foto: KVB)
Sangolt fekk nye medlemmar frå andre kommunar enn Sund. (Foto: KVB)
1 av 2

Nytt i Naust, som blei starta i Sund kommune, hadde for andre gong årsmøtet sitt i Os.

Etter at Midtsiden fortalte om sakene foreninga jobbar med var det fleire som kom for å lytta og diskutera.

Les òg: – Som å køyra ei gravemaskin til sjøen og la ho rusta

– Medrekna dei 6 som sit i styret så hadde vi 17 deltakarar. Det kom alt frå forfattarar og arkitektar til utbyggarar og nausteigarar, fortel styreleiar Sverre Sangolt.

– Dei som møtte stilte med alt frå reelle, nære problemstillingar til diskusjon om kystkulturen i eit meir langsiktig perspektiv.

Overlappande interesser

Mens Nytt i Naust handlar om ny næring i gamle naust, om det å få løyve til tiltak som gjer at restaurering kan forsvara seg økonomisk, tiltrekte årsmøtet seg òg utbyggarar og folk utan umiddelbare planar.

– Familien min eig nokre naust og nokre tomter langs sjøen. Eg har ingen prosjekt nett no, men ville koma og høyra på, seier Jon Tore Døsen, ein av fleire osingar på møtet.

– Det var eit interessant møte også for utbyggarar, trur eg, då dei har fleire av dei same interessene.

Frustrasjon og kritikk

Nokre av møtedeltakarane uttrykte frustrasjon etter sitt møte med adminsitrasjon og politikarar i ulike kommunar og på fylkesnivå.

– Her er det ein del forskjell frå kommune til kommune. Vi kjem nok ikkje utanom den personlege faktoren når det kjem til saksbehandling, seier Sangolt.

– Men vi snakka òg om kva som ligg i lovverket, om korleis det å ta vare på gamal byggeskikk med for eksempel dører som er trekt inn 6-8 tommar, bruk av vindauge og bruk av naturstein framfor betong ved bygging eller restaurering av kai.

Sangolt er glad for at engasjementet var så stort og at det òg kom kritiske spørsmål.

Lokalpolitikar og nausteigar Norvald Skåtøy frå Os seier han er ein av dei som kom med kritiske innvendingar.

– Det er ikkje berre til å skulda på administrasjonen i ulike kommunar. Dei har eit lovverk å forhalda seg til og mitt inntrykk er at det blir gjort eit godt og grundig arbeid rundtom i kommunane, seier Skåtøy.

– Her er det opp til dei med prosjekt eller interesser i strandsona å vera på banen når overordna planar er ute til høyring, og til å presentera godt utarbeidde prosjekt når dei vil restaurera og starta ny næring.

– Eg synest det var eit nyttig møte med mykje god informasjon. Det er fleire problemstillingar i dette området som er modent for å luftast litt, meiner Norvald Skåtøy.

Styre og prismottakar

Til styret i foreininga vart desse valt: Sverre Sangolt (leiar), Håvard Kalve, Anita-Elin Fedøy (rekneskap) og Asbjørn Stavland (sekretær).

Vara er Kåre Spissøy, Edvard Stangeland blei valt til revisor.

På møtet var òg Lars Knut Aadland. Han var første mottakar av foreininga sin Naustprisen.

– Lars Knut var første som fekk gjennomslag for prosjektet sitt etter at foreininga blei stifta, fortel Sangolt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.