Fritid | 30. des. 2025

DNT sine turar: Dronningstien på topp igjen

Sjå to riksdekkande topplister – to dagar før den lokale Bjørnafjordtrimmen startar opp igjen.

DNT sine turar: Dronningstien på topp igjen
Snev av snø på Dronning-traseen i starten på juli 2024. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 30. des. 2025 10:34

På tampen av året har Den Norske Turistforening (DNT) sett på kva nordmenn søkte mest på i turplanleggjaren UT i 2025.

– Det er morosamt å sjå breidda i turar og hytter folk søkjer etter. Frå moderne hytter som er litt lettare tilgjengeleg til klassiske DNT-hytter i fjellet. Og i turane er det stor variasjon i vanskegrad, seier Veronica Solbak i ei pressemelding.

Ho er redaktør for UT i DNT.

Overrasking på topplista

Den populære «Dronningstien» er på toppen av turlista for tredje året på rad. Rett bak Dronning Sonjas panoramatur, finn me hytte til hytte-turen Trekanten i Trollheimen.

– Konseptturar som hytte til hytte-turar og historiske vandreruter blir stadig meir populært, særleg blant unge. Me trur mange ønskjer å gå ein litt meir utfordrande tur der dei kan sjå flotte norsk natur, men som likevel er lagd til rette.

– Våre konseptturar er godt merkt av våre frivillige både fysisk og digitalt på UT, og du kan bu på DNTs hytter undervegs, seier Solbak.

Det er ikkje berre kjende turar i fjellheimen på årets toppliste.

Mesteparten av Dronningstien er flat og lett. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Mesteparten av Dronningstien er flat og lett. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden

Rundtur over hengebrua ved Bjørnsjøhelvete i Nordmarka er ein ny på lista på ein 8. plass. Denne turen skil seg litt ut frå dei andre på lista ved å vera ein lettgått tur i Oslomarka.

– Det er ei gledeleg overrasking å sjå turen til Bjørnsjøhelvete på topplista.

– Gjennom Friluftslivets år har me hatt eit ekstra fokus på turmoglegheitene i folks nærnatur slik at endå fleire blir med på tur. Det finst mange flotte naturopplevingar utan at ein må reisa langt, og UT er eit verktøy for å finna dei.

Topp ti turforslag i 2025

1. H.M. Dronning Sonjas panoramatur - Dronningstien (Hardanger)

2. Trekanten i Trollheimen (Trollheimen)

3. Aurlandsdalen – Historisk vandrerute (Skarvheimen)

4. Gaustatoppen (1883 moh) - toppen av Telemark (Aust-Telemark)

5. Klassikaren over Besseggen (Jotunheimen)

6. Romsdalseggen (Romsdalen)

7. Klassisk rundtur i Rondane – Trekanten (Rondane)

8. Rundtur over Bjørnsjøhelvete i Nordmarka (Oslomarka)

9. Galdhøpiggen (2469 moh.) - til topps på Noregs tak (Jotunheimen)

10. Preikestolen (Ryfylke)

Topp ti hyttar i 2025

1. Flokehyttene i Sunnhordland

2. Innerdalshytta i Innerdalen

3. Skåpet i Ryfylke

4. Kalhovd Turisthytte på Hardangervidda

5. Krækkja på Hardangervidda

6. Gjevilvasshytta i Trollheimen

7. Finsehytta i Skarvheimen

8. Kiellandbu i Hardanger

9. Gaustatoppen Turisthytte i Øst-Telemark

10. Mogen på Hardangervidda

Fleire bruker Ut-appen

Dei siste åra har UT hatt ein auke på nett, og i 2025 har også Ut-appen hatt ein brukarauke på over 10 prosent.

– Ut-appen har nyttige funksjonar alle, anten du skal på ein krevjande vintertur eller på tur i nærmiljøet. Brattleikskartet viser skredterreng og utløpssoner når du går topptur på ski, medan dei som vil finna ein kort tur til ein bålplass i nærmiljøet kan bruka appen til det, seier Ut-redaktøren.

Ho understrekar at UT er eit viktig verktøy både for å kanalisera ferdsel til område som toler det og gi besøkjande viktig informasjon om sårbar natur og dyreliv i områda dei ferdast i.

– Med aukande interesse for norske turmål blir det viktigare å sikra at turgåarar veit korleis dei kan ta omsyn til natur og dyreliv. Det startar allereie med turplanlegginga, og derfor er me opptekne av at alle som besøkjer Ut.no skal finna god informasjon om omsynsfull ferdsel, avsluttar Solbakk.

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.