Lokal | 22. jan. 2016

Dobbelt lykke i Osbadet

I dag vann sonen Tor Næss Johannessen ei svømmekonkurranse. For to år sidan berga dei tilsette livet til faren, Steinar Johannessen, då han fekk hjartestans.

Dobbelt lykke i Osbadet
Nestleiar i Osbadet, Torbjørg Brattabø, overrekk slynga Tor Johannessen, her saman med mor Ellen og far Steinar, vann i konkurransa. Meir dramatisk var det då Steinar fekk hjartestans (foto: AH).
Andris Hamrefredag 22. jan. 2016 12:15

Det blei eit hjartevarmt møte mellom nestleiar i Osbadet Torbjørg Brattabø og familien Næss Johannessen då mor Ellen, far Steinar og sonen Tor (39) kom for si faste fredagssvømming.

Tor, som til dagleg bur på Kuhnle, svømmer nemleg fast tre dager i veka og bruker kvar gong Swimtagen, som Osbadet er eit av få svømmebasseng som har, til å halde oversikt over kor langt og fort han svømmer.

Leverandøren av Swimtag har gjennom 2015 hatt ei konkurranse gåande, der dei som nyttar armbåndet har vore med i trekninga.

– Det er ekstra kjekt at Tor var ein av dei tre vinnarane vi fekk i Osbadet, smilte Torbjørg Brattabø før familien kom ut av bassenget etter dagens treningsøkt.

– Vi har eit spesielt og nært forhold til dei.

Auka frå 25 til 1750 meter

Grunnen til det skulle vi få avslørt seinare i intervjuet, men først til Tor.

– Då han kom her i starten, saman med hjelparane frå Kuhnle svømde Tor 25 til 50 meter med svømmebrett, fordi dei ikkje visste kor god han var til å svømma, fortel Brattabø.

– Gjorde dei, spør mor Ellen overraska.

– Tor har alltid likt vatnet heilt frå han var liten gut og vi var ute på hytta på Lepsøy. Allereie i påsken begynte han å masa på å få lov til å bada. Klarte han å vasse frå fjæro til brygga, så fekk han lov til å svømme rundt den, fortel ho og ler.

No er rekorden hans 1750 meter på ei økt.

Svømte til Silveren

Tor fortel at han er glad i vatn.

– Av og til svømte eg heilt bort til Silveren (båten deira, journ. mrk).

– Du er glad i vatn?

– Ja, kjem det kontant frå 39-åringen, som har svømt sidan far lærte han det som åtte-åring.

I Osbadet kosar han seg med å svømma, gjerne fleire hundre meter kvar gong. Totalt hadde han i 2015 125 økter som tilsaman blei 96 kilometer. Men det blir ikkje berre svømming når han vitjar badet.

– Det er litt kanontøft å hoppe og stupe. Også går vi av og til i boblebadet, fortel Tor og smiler.

Fekk hjartestans

Slik hadde familien det også, tysdagen for nesten to år sidan. Dei hadde lagt bak seg ei vanleg økt då det brått blei meir dramatisk.

Ellen og Tor hadde gått i garderoben, medan Steinar skulle ta dei siste lengdene før han gav seg. Han var nemleg i ferd med å setta ny personleg rekord på 1700 meter.

Etter endt økt gjekk han opp av bassenget for å ta seg litt å drikka.

– Det siste eg hugar er at eg går opp trøen av bassenget, fortel Steinar.

– Du hadde gått opp av bassenget og bort her for å setta deg då du fall om, fortel Torbjørg og peikar. Ho var ei av dei som var på vakt og ilte til då han fall om.

Fekk umiddelbar hjelp

Hjartet hadde brått slutta å slå og det sto om minuttar for å berge livet.

– Eg og Tor var i garderoben, men fekk etterkvart beskjed.

– Inger-Lise, Torbjørg og dei andre badevaktane hadde ilt til då Steinar ramla om og satt i gang umiddelbart HRL og kobla til hjartestartaren. Dei var så effektive og raske at eg er heilt imponert og takksam.

– Så utruleg flinke folk som gjorde alt rett fram til ambulansen og etterkvart luftambulansen kom til, fortel Ellen.

– På veg inn i helikopteret blei han spurt om namn, alder og adresse. Då han med mørk og klår stemme fortalte at han heitte, kor han budde og når han var fødd kjende eg ei enorm lettelse og takksam for innsatsen til dei som jobbar her.

Omfattande operasjon

Steinar blei i hui og hast flydd til Haukeland kor han blei hasteoperert, men dramatikken var ikkje over.

– Under operasjonen gjekk det hol på hjarteposen og eg blødde ganske mykje. Heldigvis klarte dei å stoppa det og i dag er eg frisk og rask, rett nok med innlagt hjartestartar og pacemaker.

– Eg hadde ikkje fått noko varsel på førehand. Eg følte meg frisk, men skulle faktisk på ein kontroll på hjartesenteret dagen etter fordi eg følte eg ikkje fekk opp kondisen. I staden blei det ein tur til Haukeland, forklarar Steinar, som no er i full vigør og trenar vekentleg i Osbadet.

– Det er utruleg deilig å sjå at det gjekk bra og å ha dei tilbake. Det var ein fin dag den dagen dei kom inn gjennom dørane her igjen for å svømma. Vi var jo litt redd for at de hadde tatt skrekken, supplerar Torbjørg Brattabø.

– Nei, veit du kva. Her føler vi oss heime og trygge. De er så dyktige og trivelege at her kjem vi til å komma så lenge vi kan, avsluttar familen Næss Johannessen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.