I denne gruppa ligg dei tre som kom inn på vinnartida og ny rekord, og dei ni som kom inn hakk i hæl, som Gudmund Snilstveit til høgre. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Dobbeltrekord for Os Rundt

1:01:04 er ny bestetid i Os Rundt. Sykkelrittet, som blei arrangert for 33. gong i år, hadde også deltakarrekord.

image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Deltakartalet i Os Rundt 2012 passerte ikkje 200, men 195 er ny rekord.

– Vi hadde heile 180 som sykla turrittet (42 km) og 15 som sykla trimrittet (15 km), fortel Frode Høyland frå CK Henie.

– Rittet gjekk fint og vi hadde ingen uhell, det er vi også glade for.

Ørjan Nordtveit inn til rekord

Øystein Blom-Olsen sin løyperekord på 1.02.16 frå 2008 blei slått med over eitt minutt.

Unge Ørjan Nordtveit frå Sykkelkomponenter.no, som deltok i klassen 20-24 år, var først i mål på tida 1:01:04.

I same felt til same tid kom to andre ryttarar; Grant Carruthers frå Stord og Yngve Kiserud frå Hardanger SK, begge i klassen 30-39 år.

Vinnartidene etter 2008:
2009: 1:02:43
2010: 1:05:09
2011: 1:03:00

Gudmund Snilstveit hakk i hæl

Tett bak vinnarfeltet på tre kom 9 syklistar inn på tida 1:01:07, også det over 1 minutt raskare enn den gamle rekorden.

I dette feltet låg blant anna triatlon-utøvar Gudmund Snilstveit frå Fusa.

Her er dei andre 8: Ruben Arefjord (CK Sotra, klasse 25-29 år), Joachim Jordan (Fana IL), Tor Utne (Åsane CK), Svein Ivar Reiso (Bergen CK), Vidar Steinsbø (Bømlo SK) og Stein Simonsen frå klassen 30-39 år.

Oddvar Kaarbøe frå klassen 40-44 år (Bergen CK) kom inn på same tid, Reidar Risnes (Stord SK, klasse 30-39) kom inn på 1:01:08.

Lina Søvik raskaste kvinne

Det var 10 kvinner med i årets Os Rundt.

Raskaste kvinne uansett klasse var Lina Juul Søvik (25-29 år) frå Fløyen MTB. Ho kom i mål på tida 1:24:23. Jane Bore Sandal kom på 2. plass med tida 1:26:50.

Rasmussen og Skaftå raskaste frå Henie

Arrangørklubben CK Henie frå Os hadde 14 deltakarar i turrittet.

Her er tidene deira:

1. Bjarte Rasmussen (30-39) 1:04:00
1. Eivind Skaftå (30-39) 1:04:00
3. Kjetil Lunde (30-39) 1:04:09
4. Samund Nordang (30-39) 1:04:09
5. Kjetil Styrvoll (40-44) 1:04:53
6. Tore Sædal (50-54) 1:05:44
7. Ole Johnny Sølberg (30-39) 1:07:31
8. Tom Kidøy (30-39) 1:10:37
9. Øystein Tveit (30-39) 1:19:19
10. Vidar Tveit (30-39) 1:25:06
11. Tore Skorpen (40-44) 1:13:43
12. Geir Mildestveit (55-59) 1:19:19
13. Øyvind Blindheim (45-49) 1:25:21
14. Morten Areklett (40-44) 1:33:39

Fleire resultat: På ckhenie.no kan du lasta ned heile lista.

Neste ritt blir søndag 6. mai, då arrangerer CK Henie og Fana IL sykkel Gullfjellet rundt.

Midtsiden samleside: Sykkel

 

Fleire saker