Næringsliv | 14. sep. 2019

Dobla bilsal i nytt lokale

Os Bilsenter med godt fotfeste i Industrivegen.

Dobla bilsal i nytt lokale
Os Bilsenter har bygd både kontor og butikk i bygget der Osbuss tidlegare heldt til. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 14. sep. 2019 08:26

Bildeserie:

– Det er plass til litt krydder i utvalet, seier Daniel. (Foto: KVB)
– Det er plass til litt krydder i utvalet, seier Daniel. (Foto: KVB)
Kontoret var ferdig først, så kom butikken og bilar under tak. (Foto: KVB)
Kontoret var ferdig først, så kom butikken og bilar under tak. (Foto: KVB)
Ei elegant skute frå 1971. (Foto: KVB)
Ei elegant skute frå 1971. (Foto: KVB)
Det er bilar frå 200.000 til 500.000 det går mest av, men òg nokre til under 100.000. (Foto: KVB)
Det er bilar frå 200.000 til 500.000 det går mest av, men òg nokre til under 100.000. (Foto: KVB)
I august blei det utviding med eigen klargjeringshall. (Foto: KVB)
I august blei det utviding med eigen klargjeringshall. (Foto: KVB)
Dermed blei den andre hallen frigjort til reint butikklokale. (Foto: KVB)
Dermed blei den andre hallen frigjort til reint butikklokale. (Foto: KVB)
1 av 6

Etter eit drygt år med drift frå heimekontor fekk Daniel Grape og Os Bilsenter endeleg eit eigna butikklokale.

I februar flytta han inn på midlertidig kontor med utandørs utstilling, i mai var både nytt kontor og utstillingshall ferdig innreia.

– Det var travelt å bygga butikk parallelt med auka omsetnad av bilar, så det var godt å få alt ferdig, seier Daniel.

Frå heimen hadde han som oftast rundt 20 bilar for sal, 5-6 av dei sto utstilt på eige tun. I Industrivegen har han i skrivande stund 42 bilar for sal, så og seia alle står utstilte.

Har allereie passert fjoråret

Han starta i slutten av 2017, selte 106 bilar første driftsår og har passert 123 selte bilar til no i år.

– Tempoet har auka, men eg har heldigvis fått med meg ein dyktig, ung mann i nærmast 100 prosent stilling. Mathias Jørgensen Nystad er både flink og flittig, skryter Daniel av 20-åringen.

– Samtidig er vi no nærmare samarbeidspartnarane våre, som verkstadan vi bruker til å kontrollera og eventuelt reparera bilane før sal.

Ved sidan av ny butikk og utvida stab har Os Bilsenter utvida med tilleggslokale for klargjering og dekkskifte, med eigen løftebukk og litt lagerplass.

– Vi er veldig nøgde med lokalet. Etter utvidinga med ny klargjeringshall blei utstillingslokalet fristilt, så no har vi 5-6 bilar i butikk i tillegg til alle som står ute mot vegen.

Auka utval

I utvalet er det stort sett bilar med pris frå 200.000 til 500.000 kroner, men med noko krydder i begge endar av prisskalaen, frå ein Mercedes frå 1971 til ein oppgradert BMW M4.

– Både det å ha butikk med faste opningstider, og ei utstilling som folk kan sjå både kveld og helg, har vore til hjelp på omsetnad og utval. Det er fleire som kjem innom for å høyra om eg vil selja bilen deira, dermed blir utvalet betre òg.

Frå elbil til diesel

Første driftsår utgjorde elbil halparten av mengda selte bilar. Sånn er det ikkje lenger.

– Brukt elbil har tatt tid å selja i år, og verditapet har nok vore større enn mange hadde venta. Det ser eg går igjen hos andre bruktbilseljarar òg. Det har kome tett med prisgunstige, nye modellar, dessutan er det ein del som går tilbake til bensin eller spesielt diesel.

– Men vi har heile tida nokre elbilar i utvalet, det er ein god brukmarknad for kjøparane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Hald deg oppdatert med Midtsiden

Få tilgang til alt innhald frå Midtsiden-redaksjonen. Som abonnent hjelper du oss på veg til å kunna dekka endå meir av det som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.