Lokal | 17. mars 2014

Dobla resultatet frå i fjor

Russen ved Os vgs samla inn nesten dobbelt så mykje som i fjor til Krafttak mot Kreft. Også gymnaset melder om rekordtal.

Dobla resultatet frå i fjor
Ordførar Terje Søviknes (Frp) var med russen på aksjonen. Her saman med Hanna Bakketeig og Ronja Skaathun frå Os gymnas (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremåndag 17. mars 2014 14:11

Torsdag i førre veke gjekk russen frå dei to offentlege vidaregåande skulene i Os med bøsser til inntekt for kreftforeninga sin aksjon Krafttak mot kreft.

– Vi samla inn nesten dobbelt så mykje som i fjor, jublar aksjonsleiar ved Os vidaregåande skule, Madeleine Berge Midtseter.

Totalt samla dei inn 44 162 kroner til aksjonen, mot 23 296 i fjor.

– Han som samla inn mest fekk inn 6 495 kroner på bøssa si, fortel Midtseter.

– Er kjempenøgd

Også på Os Gymnas er aksjonsleiinga strålande nøgd med innsatsen.

– Vi fekk inn 96 838 kroner.

– Det er over 20 000 kroner meir enn i fjor, så det er vi kjempenøgd med.

– Vi blei godt motteken over alt. Nokre hadde rett nok gitt allereie, men slik er det jo gjerne, fortel Hanna Bakketeig.

Totalt samla dei to skulane inn 141 000 kroner til Krafttak mot Kreft.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.