Lokal | 26. mars 2021

Dobla tempo etter påske

650 personar i gruppe 4 får tilbod om Pfizer i veke 14.

Dobla tempo etter påske
Det blir stor auke i tempoet på vaksinasjon etter påske. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 26. mars 2021 07:44

Smittetrykket i Bjørnafjorden kommune er framleis lågt. Det er ei veke sidan førre smittetilfelle, og vi har berre hatt tre nye tilfelle etter 9. mars.

Trass pause med AstraZeneka aukar mengda innbyggarar som får vaksine. Kanskje ikkje i same tempoet kriseleiinga såg for seg i januar, men 354 som får dose 1 førstkomande onsdag er rekord.

Og veka etter blir det nesten det doble, melder Bjørnafjorden kommune.

I veke 14, veka etter påske, vil over 650 personar få tilbod om koronavaksine frå BioNTech/Pfizer.

– Det er gledeleg at vi endeleg får såpass mange vaksiner. Det betyr etterlengta framdrift i vaksinasjonen, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

Frå gruppe 3 til 4

I neste veke får dei siste i prioriteringsgruppe 3 (75 til 84 år) dose to, og dei første i prioriteringsgruppe 4 får dose éin. Veka etter kjem 650 dosar til å jobba vidare med gruppe 4.

Prioriteringsgruppe 4 er personar mellom 65 og 74 år, pluss personar mellom 16 og 64 år med sjukdomar eller tilstandar som gir høg risiko for alvorleg forløp.

– Fastlegane hjelper oss med å identifisera aktuelle personar med desse tilstandane. Det er klare reglar for kven som skal prioriterast. Ingen treng ringa fastelegen for å prøva å påverka den medisinskfaglege vurderinga, seier Melf.

Håper å vaksinera 3000 i april

Tilbod om vaksine veka etter påske (veke 14) blir sendt ut på SMS i starten av neste veke. Dei eldste i gruppa får først.

– Vi reknar med å få gitt første vaksinedose til alle som er fødde i 1946 og 1947, pluss ein del av 1948-årgangen, veka etter påske. Vi håpar at vi får nok vaksine i løpet av april til å gi resten i gruppe 4 første dose, men det er framleis for tidleg å kunna fastslå noko, fortel Melf.

Gruppe 4 omfattar nesten 3000 personar.

Det betyr òg at frivillig personell i Røde Kors og andre lag som hjelper til med organiseringa bør kvila godt i påsken, for i april kan det bli travelt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.