Lokal | 25. apr. 2013

Doblar drosjebua

Om 60 dagar skal Os Taxi flytta inn i ei betre utrusta og dobbelt så stor drosjebu. Også for dei reisande blir det betre.

Doblar drosjebua
I går kom forskalinga på plass, om knappe 60 dagar skal ny drosjebu vera ferdig bygd. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. apr. 2013 12:06

I helga var det dugnad med tømming av drosjebua og innflytting i midlertidig bu i ein kontainer på utsida. Måndag starta Vestafjell på bygginga.

Les òg: Utvidar termindalen (vedtak i formannskapet)

– Vi gler oss veldig, seier styreleiar i Os Taxi, Tor Anders Hauge.

Arbeidet skal ta 60 dagar og resultera i utviding av drosjebua frå rett over 40 til 83 kvadratmeter.

Nytt kjøkken og større opphaldsrom

Den 18 år gamle eksisterande bua blir riven på innsida og når alt står ferdig er nytt kjøkken, seng til nattevakt, dusj og nye toalett på plass.

– Det vi gler oss mest til er å få større opphaldsrom med plass også til kurs og førar-møte, seier Hauge.

Vil skjerma overbygd uteplass

Det er innvilga 1,8 millionar kroner til ombygginga. I tillegg har Os Taxi ønskje om ein liten installasjon som vil gjera det meir komfortabelt å stå og venta på drosje.

– På utsida kjem eit takutstikk, men om det bles så er ikkje dette nok til å halda dei komande passasjerane tørre.

– Derfor kjem vi til å be om å få ein glasvegg eller liknande, som skjerm for uteplassen som er under tak. Vi er førebudd på å spytta i litt sjølv òg, seier Tor Anders Hauge.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.