Lokal | 23. jan. 2017

Doblar midla til lokal trafikktryggleik

Regjeringa doblar midla til lokale trafikksikringstiltak til åtte millionar kroner. Frivillige organisasjonar og interessegrupper kan søka.

Doblar midla til lokal trafikktryggleik
Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen deler i 2017 ut 8 millionar kroner til lokale trafikktryggleikstiltak (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamremåndag 23. jan. 2017 13:44

I fjor delte samferdselsdepartementet ut 4 millionar kroner til ulike trafikksikringstiltak, som fartsdumper på skuleveg, i eit bustadfelt, lys i fotgjengarfelt, trygging av treningsfelt og ulike trafikksikringskampanjar.

– Lokalt trafikksikringsarbeid er ein svært viktig del av arbeidet med å auke trafikktryggleiken.

– Samferdselsdepartementet deler i år ut åtte millionar kroner til lokale tiltak, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i ei pressemelding.

Oppmodar lokale om å søka

Tilskuddsordninga, som har søknadsfrist 1. mai, skal bidra til å styrka lokalt trafikktryggleiksarbeid i regi av frivillige organisasjonar, interessegrupper, kommunar og andre lokale aktørar.

– I arbeidet mot drepte og skadde i trafikken er det viktig å jobba saman, og lokale initiativ er viktige bidrag. Eg oppfordrar alle som har eit godt lokalt prosjekt som kan gjera trafikk-kvardagen tryggare om å søka, seier Solvik-Olsen.

Som ein hovudregel er øvre grense for tildeling av tilskot 500 000 kroner. I vurderingane av søknadane blir desse tinga vektlagt:

  • Om tiltak vil bidra til det nasjonale målet om reduksjon av talet på drepte og hardt skadde i trafikken.
  • Dei som søkjer må ha kunnskap om lokale trafikktryggleiksutfordringar og -behov, og forståelse for kva målgruppe, eller ulykkestyper tiltaket rettar seg mot.
  • Det blir lagt vekt på om prosjektet baserar seg på samordna innsats frå fleire aktørar.
  • Tiltak retta mot barn og ungdom blir prioritert, samt prosjekt som stimulerer til stor grad av eigenaktivitet og frivillig arbeid.

Minstekrav til søknaden finn du på samferdselsdepartementet si heimeside.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.