Sport | 17. okt. 2020

To doble meistrar og eit ufrivillig comeback

Karoline og Randi meldte Håvard på løp - ti år etter han la opp.

To doble meistrar og eit ufrivillig comeback
Karoline saman med besteforeldra Håvard og Randi etter at alle tre stilte til start førre helg. (Foto: Team Karoline)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 17. okt. 2020 07:32

Førre helg køyrde Karoline Breivik og mormor Randi sitt siste løp for sesongen - eit klubbløp på Eikås.

Morfar Håvard var som vanleg innstilt på å vera bakkemannskap, men ei veke i forkant fekk han beskjed om at han var påmeldt til sitt første løp på ti år.

– Vi synest han fortener å køyra litt, etter å ha skrudd på bilane våre i ti år. Men han syntest ikkje dette var noko særleg! Vi hadde gjort klar gamlebilen min, ein Toyota Starlet, og han har aldri køyrd framhjulsdrift i løp før.

Team Karoline var dermed styrka med ein veteran.

Håvard Gåssand byrja med bilcross i 1991 og rallycross nokre år seinare. Han la opp før Karoline i 2011 fekk sin første crossrigga bil, ein Golf II, til konfirmasjonen.

Håvard køyrde jamt utover dagen, låg som nummer 4 etter innleiande og hamna på ein fin 5. plass.

– Det var veldig kjekt å sjå han køyra igjen, seier Karoline, som har vore med på løp sidan ho var ei lita jente.

– Det såg òg ut som om det gav meirsmak!

Karoline hyllar morfar med print på panseret på bilen Håvard køyrde med. (Foto: Team Karoline)
Karoline hyllar morfar med print på panseret på bilen Håvard køyrde med. (Foto: Team Karoline)

Klubbmeister og vestlandsmeister

Mens morfar fekk eit uventa comeback var Karoline og Randi meir førebudde.

Karoline hadde ei flott gjennomføring og sikra siger i sin klasse.

– Randi køyrer kanonbra om dagen, og hadde rundetider ho aldri før har hatt. Ho fighta godt i tet og blei nummer to.

Oppsummert i den korte koronasesongen blei både Karoline og Randi klubbmeister og vestlandsmeister i sine klassar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.