Lokal | 13. des. 2020

Døgnbemanning frå i morgon

Korleis vil innbyggarane merka endringa?

Døgnbemanning frå i morgon
Lensmann Oddbjørn Dyrdal. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 13. des. 2020 18:46

I september fekk Vest politidistrikt 57 nye stillingar, 4 av dei gjekk til Bjørnafjorden lensmannskontor.

Målet er å nå 2 politifolk per 1000 innbyggarar. For Bjørnafjorden lensmannskontor var det no lagt til rette for å få døgnbemanna kontor igjen.

– Vi har bemanna opp og er klare frå måndag 14. desember, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.

To nye faste tilsette er i gang i ny stilling, to langtidsvikariat er med på å bemanna dei to andre nye stillingane.

Meir i felten - raskare responstid

Os gjekk i 2013 vekk frå døgnbemanning. Dei har hatt døgnbemanning i helgene, og nokre andre vekedagar, men har elles fått hjelp av Bergen.

– I nokre tilfelle vil vi no ha raskare responstid, og vi vil i større grad ha kapasitet til å rykka ut. Vi vil oftare ha patrulje på hjul, seier Dyrdal.

Han har laga ny tenesteliste som blir tatt i bruk frå i morgon.

– At vi no har vårt eige mannskap på patrulje til ei kvar tid, vil i nokresituasjonar vera ein fordel. Deira lokalkunnskap kan i fleire samanhengar vera verdifull.

33 tilsette

Bjørnafjorden lensmannskontor har kontor på Os og i Austevoll.

På Austevoll er det 7 tilsette, på kontoret på Os er det 29 tilsette, 4 av dei på sivilavdelinga, og 4 studentar i drift.

Dei har byrja å rydda og pakka for å førebu seg på flytting frå Irisgården, i veke 3 skal dei vera i drift på ny politistasjon på Moberg.

Her får dei omtrent dobbelt så stor plass, fleire kontor, møterom, rom for parole og avhøyr, arrest, betre garderobeforhold og ei auke frå 4 til 6 garasjeplassar.

Samtidig er dei samlokaliserte med legevakt, ambulanse og brannvesen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.