Lokal | 13. aug. 2016

Dømt etter to Kuventræ-innbrot

Mann i 30-åra innrømte tre innbrot på ti dagar.

Dømt etter to Kuventræ-innbrot
Mannen som sto bak innbrota i kiosken på Kuventræ (foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 13. aug. 2016 08:36

I oktober 2014 blei kiosken på Kuventræ, som den gong var ny, utsett for to innbrot på fem dagar.

Ved det første innbrotet blei det stole kioskvarer til ein samla verdi på 12.700 kroner, ved det andre innbrotet blei det tatt 20 halvlitersflasker med cola og ei maskin til å laga klistrelappar med (!).

Les òg: Posttjuvar også mistenkt for innbrot

Stal frå Stegen

Fem dagar etter det andre innbrotet i Os Fotball sin kiosk var det innbrot i eit kontorlokale i Stegen. Her blei det stole ein pc.

Månaden etter, i november, blei sikta tatt med seks narkotiske tablettar mens han røykte marihuana.

Dømt mange gongar før

Sikta, ein mann frå Os i 30-åra, møtte i retten og tilsto.

Han er dømt seks gongar tidlegare for brot på narkotikalova, sist i 2012. Han er tidlegare straffa for både biltjuveri og naskeri, men dette ligg så langt tilbake i tid at det ikkje fekk noko å seia for straffeutmålinga.

Mannen blei dømt til 90 dagar fengsel på vilkår. Fullbyrding av straffa blei utsett med ei prøvetid på to år. Éin dag varetekt kjem til frådrag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.