Lokal | 22. okt. 2012

Dømt for fyllekjøring

I førre veke blei fem personar dømt i Nordhordland tingrett for kjøring i rusa tilstand. To av dei er frå Os.

Dømt for fyllekjøring
Nordhordland tingrett. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 22. okt. 2012 20:46

To menn frå Os er dømt for kjøring i rusa tilstand.

Ein av dei, ein mann i slutten av 20-åra, blei stoppa i Bergen natt til onsdag 16. mai med ein promille på 0,36 og samtidig påverka av tablettar (klonazepam) i ein dose som tilsvarar cirka 1,2 i promille.

I tillegg hadde vedkomande tre passasjerar som politiet meiner hadde betalt 400 kroner for transport, men posten om ulovleg yrkestransport/piratdrosje fall ifrå.

Sikta tilsto og blei dømt til 21 dagar fengsel på vilkår, bot på 9000 kroner og tap av førarretten i 2 år.

Dømt for tredje gong

Ein annan osing, ein mann i midten av 30-åra, blei stoppa i Bergen natt til søndag 6. mai med ein promille på 0,64.

Han er dømt for liknande forhold to gongar tidlegare, blant anna før han var 18 år, men begge tilfella er så lenge sidan at dei ikkje fekk medverknad på om fengsel blei gjort på vilkår eller på lengda på perioden av tap av førarretten.

Sikta tilsto og blei dømt til 24 dagar fengsel på vilkår, 30.000 kroner i bot og tap av førarretten i 2 år og 6 månadar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.