Dømt for overgrep mot gutar - etterlyst av politiet
Mistenkte at han var på rømmen i båt: Ein mann som er ute på prøve var etterlyst av politiet (oppdatert).
Politiet etterlyste tysdag ein forvaringsdømt vaksen mann. Mannen var sist sett i tilknyting til ein båt av typen Harva 18 fot med ein 40 hk Evenrude påhengsmotor (bildet).
– Vi reknar med at han er i Hordaland eller Rogaland, men kan ikkje utelukka at han har tilhald andre stadar, skreiv politiet i ei pressemelding.
Etterlyste er dømt til forvaring for seksuelle overgrep mot mindreårige gutar.
Han var ute på prøve, men har ikkje returnert til pålagt opphaldsstad etter kort perminsjon.
OPPDATERT: Mannen blei etter kort tid pågripen nær Stavanger etter tips frå publikum på bakgrunn av presseoppslag. Politiet takkar media og fortel om svært god respons på oppslaga som har vore.