Lokal | 27. mars 2019

Dømt til eitt år fengsel etter tjuveri, vald og trugslar

Tjuveri av to boksar med cola frå Havnechefen var nokre av dei siste dropane i straffe-begeret.

Dømt til eitt år fengsel etter tjuveri, vald og trugslar
Takterrassen til Havnechefen blei utsett for tjuveri og hærverk minst tre gongar i fjor. Her i juni. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 27. mars 2019 09:03

Ein mann i 40-åra frå Bergen er dømt til eitt år fengsel etter fleire lovbrot i Os og i heimkommunen.

Han kom ut på prøve i april, med ei resttid på 183 dagar, men heldt seg ikkje i ro i månadane som kom:

I starten på august klatra han rundt porten på takterrassen på Havnechefen, stal to boksar cola og prøvde å bryta opp ei låst kjøleskapdør.

I slutten av september stal han ein scooter frå Gymnasvegen. I mai same år truga han med å drepa ein tilsett i Kirkens bymisjon i Bergen, i juni truga han butikktilsette med vald, då dei skulle melda han for tjuveri.

I september utøvde han vald mot ein butikktilsett. I tillegg har han kasta ein boks med cider mot hovudet til ein annan person, men utan å treffa. Vedkomande var i tillegg sikta for to butikktjuveri, og for to tilfelle av oppbevaring av amfetamin (6,37 og 4,42 gram).

Sikta, som er tidlegare domfelt 16 gongar, møte i retten og tilsto. Straffa er, saman med resttida på 183 dagar, sett til 1 år fengsel.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.