Dømt for trugslar mot Nav
Utsegnet «neste gong tar eg med ei bombe» førte til 60 dagar fengsel.

Ein mann i 20-åra frå Os er dømt til 75 dagar fengsel, 60 av dei utan vilkår, for trugslar mot Nav og for å spytta ein polititenestemann i ansiktet.
Tiltalte meinte det var feil i utbetalingane frå Nav, og hadde med seg dokumentasjon som han ville legga fram i møte. Han var ikkje nøgd med saksbehandlinga, og på veg ut skal han ha stått 5 cm frå ansiktet til ein annan saksbehandlar og sagt «nesten gong eg kjem blir detmed ei bombe».
Mannen blei pågripen i det han gjekk inn på ein buss på Os terminal. På veg til Bergen skal han ha sparka i bakdøra så politiet måtte stoppa. Då ein polititenestemann gjekk bak og opna døra, blei han spytta i ansiktet.
Vedkomande var òg tiltalt for skadeverk på ein bil parkert på Halhjem, noko som skjedde på dagtid torsdag veka før.
Tiltalte møtte i retten og sa seg delvis skyldig. Han innrømte å ha spytta på politiet. Å spytta ein offentleg tenestemann i ansiktet blir rekna som vald.
I skjerpande retning blei det lagt vekt på at tiltalte er dømt fleire gongar før, blant anna fem gongar for trugslar mot offentleg tenestemann og fire gongar for vald mot offentleg tenestemann.
Mannen blei dømt til 75 dagar fengsel, 60 dagar av straffa skal vera utan vilkår.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.