Lokal | 03. juli 2014

Dømt for trygdesvindel

Ei kvinne frå Os er dømt for bedrageri av over 130.000 kroner.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 03. juli 2014 06:16

Over to periodar, den første frå desember 2011 til februar 2012, den andre frå juni til november 2012, leverte ei kvinne frå Os meldekort til NAV som førte til urettmessig utbetaling av til saman 131.613 kroner.

Sikta, som er i 50-åra, møtte i Nordhordland tingrett 20. juni og samtykka i at saka blei avgjort ved tilståelsesdom.

Påtalemakta kom med forslag om 30 dagar fengsel utan vilkår.

At sikta kunne risikera å mista jobben ville ikkje retten legga vekt på, men kvinna slepp likevel fengsel.

Sikta blei dømt til 30 timar samfunnsteneste, med gjennomføringstid på 90 dagar, subsidiært fengsel i 30 dagar.

Domfelte samtykka i samfunnsstraff og vedtok dommen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.