Lokal | 29. jan. 2020

Dømt for vald og trugslar

Straffa på 6 månadar var allereie sona i varetekt.

Dømt for vald og trugslar
Bergen tinghus. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 29. jan. 2020 07:42

Ein mann i 20-åra frå Os sto i førre veke tiltalt for ni punkt i Nordhordland tingrett.

Natt til ein onsdag i august i fjor blei ein mann frå Os, på veg ut av eit bufellesskap med ein hammar, konfrontert med kva han skulle med hammaren.

Han svarte med å trekka opp ein pistol, som seinare viste seg å vera ein gasspistol, og truga vedkomande tilsett ved bufellesskapen.

Då politiet kom til staden, viste det seg at tiltalte òg hadde på seg hasj, tapetkniv og saks.

Han blei pågripen, og på veg til legevakt skal han ha prøvd å ta av sikkerhetsbelte. Ein polititenestemann ville sjekka om beltet var på, og blei då biten i brystet så hardt at han byrja å blø, og framleis har arr. Tiltalte skal ha sagt at han hadde aids.

«I en periode satte dette begrensninger i polititenstemannen sin livsutfoldelse» skriv retten.

Han var i tillegg til trugslar og vald denne kvelden, tiltalt for å, i slutten av juli, å ha oppbevart 13 tablettar Rivotril, og 10 gram amfetamin.

Tidlegare i august skal han ha slått ein person ved inngangen til eit kjøpesenter i Bergen sentrum, seinare i august skal han ha dytta ein butikktilsett og slått han i brystet med ei plastflaske, etter å ha blitt konfrontert med naskeri.

Tiltalte møtte og erkjente seg delvis skyldig i to postar, skyldig i éin og ikkje skuldig i tre andre. Han forklarte at han hugsar lite og ingeting av transporten til legevakt og trugslane mot politiet.

Han er tidlegare domfelt seks gongar, to av dommane er frå 2019.

Tiltalte har sete i varetekt sidan 27. august, 171 dagar. Han blei dømt til 6 månadar fengsel, og dommen blir sett på som ferdig sona.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.