Lokal | 19. jan. 2016

Dømt for vald på bussjåfør

Osingen som desember 2014 gjekk til angrep på bussjåføren på Søfteland er dømd til eit halvt år ubetinga fengsel.

Dømt for vald på bussjåfør
Mannen blei gripen av politiet rett etter ulykka (Arkivfoto, Midtsiden.no) 
Andris Hamretirsdag 19. jan. 2016 11:12

Det var like før jul i 2014, at ein passasjer på 600-bussen til Bergen gjekk til angrep på bussjåføren med det resultat at bussen hamna i autovernet på E39 rett ved Røykenes.

Ein 42 år gamal mann frå Os sto i førre veke tiltalt for forholdet i Nordhordland Tingrett.

I retten kom det fram at mannen hadde laga bråk og kvalm på bussen og blitt beden om å gå av. Han skal ha vore rusa på narkotika, stor i kjeften og til sjenase for både passasjerar og sjåføren skriv BA.no

Opplevde slaget ulikt

Mannen erkjente i tingretten straffeskyld, men sa han fekk panikkangst då han blei trua med å gå av bussen. Sjølv meinte han at han berre var så vidt borti skuldra på bussjåføren, noko vitne hadde ei anna oppleving av.

I følgje BA.no opplevde både passasjerer og bussjåføren at slaget var hardt og målretta mot tinninga til bussjåføren.

– Eg blei heilt slått ut, og det neste eg hugsar er at bussen står i autovernet, fortalde sjåføren i retten.

42-åringen, som er tidlegare dømd for fleire lovbrot ba om samfunnstraff, men retten dømde han til ubetinga fengsel i eitt halvt år. I dommen karakteriserar retten valden som uprovosert og at handlinga fort kunne fått svært alvorlege konsekvensar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.