Kultur | 07. feb. 2016

Donkeyboy til Osfest

Donkeyboy opnar storscenen på laurdagskvelden.

Donkeyboy til Osfest
Donkeyboy kjem til Osfest (foto: Gio Trentadue)
Andris Hamresøndag 07. feb. 2016 17:00

På dagen laurdag står dei unge idola Marcus og Martinus på scenen for ein fullstappa grusplass i Os sentrum. Når konsertane startar laurdag ettermiddag er det Donkeyboy som speler opp.

– Vi har jobba med å finna ein artist som passar bra til ungdom og familie og no har vi fått på plass Donkeyboy, fortel Osfest i ei pressemelding.

– Dei opnar storscenen laurdagen og lovar ein hitparade av dei sjeldne. Donkeyboy vil sørgja for super stemning og folkefest frå start denne kvelden, lover festivalen.

Frå før er Nik Kershaw, Vamp, Marcus og Martinus, Heine Totland, Frode Alnæs, Odd Nordstoga, Sigvard Dagsland og Maya Vik klare for festivalen.

– Kor mange fleire band skal bookast til årets festival?

– Det er ikkje så mange igjen, men to headlinerar laurdag kveld pluss éin fredag kveld står igjen. I tillegg til diverse artistar til festivalcruise og vip-teltet, seier Ole Reinert Berg-Olsen.

– Har suksessen med 5000 selte billettar til Marcus og Martinus påverka budsjettet?

– Nei, det har det ikkje, vi hadde allereie auka budsjettet samanlikna med 2015. Men vi gler oss stort over salet til dagtid-konserten med dei populære tvillingane, og det er jo naturlegvis med på å påverka likviditeten til festivalen.

Dette er Donkeyboy

Donkeyboy er ei norsk popgruppe frå Drammen.

Bandet blei etablert i 2005 av Cato Sundberg, Kent Sundberg og Thomas Drabløs. Peter Michelsen og Alexander Garborg Ågedal blei seinere medlemmar. Alexander Garborg Ågedal valgde i januar 2013 å slutte for å vera meir saman med dottera.

I 2006 var dei ein av finalistane under NRK sin urørtfinale. Deira første singel, Ambitions, kom 30. mars 2009, og selde til tre ganger platinaplate.

Donkeyboy satte fleire norske single-rekordar med debutalbumet. Først blei dei første artist som hadde 4 låtar inne på VG-lista Topp 20 samstundes ("Ambitions" på 1.plass (i sin 29. veke!), "Sometimes" på 2.plass, "Broke my eyes" på 6.plass og "Awake" inne på 17.plass.). Dei slo også den 45 år gamle vekesrekorden til The Beatles frå 1964. Beatles hadde 5 veker på rad på topp med låtkonstellasjonen "I feel fine" og If I fell" ved årsskiftet 1964-65. Donkeyboy klarte å slå rekorden, og oppnådde 6 veker.

Bandet har vore nominert til fleire spelemannspriser.

Midtsiden samleside: Osfest

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.