Lokal | 31. jan. 2012

Dørseljarar og kollisjon

Politiet fekk måndag melding om frontkollisjon og utanlandske dørseljarar i Os sentrum.

Dørseljarar og kollisjon
Omstreifande dørseljarar. (Arkivfoto/ill.foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 31. jan. 2012 10:17

Måndag var det ein frontkollisjon i Svegane, rett nord for Os sentrum.

– Patruljen rykte ut. Det var heldigvis ingen personskade, seier politioveretjent Terje Sperrevik.

Måndag fekk politiet også fleire meldingar om utanlandske dørseljarar.

– Dei skal ha halde opp ein lapp med engelsk tekst og prøvd å selja noko. Meldingene kom frå Finnebrekka, Oshaugen og Kuven.

Politiet sjekkar av og til papira til slike omstreifarar, men var i går ikkje i kontakt med dei som var på salsturné.

Men Sperrevik takkar for tips og seier folk gjerne kan notera seg registreringsnummer på bil, dersom dei ser kjøretøya deira.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.