Næringsliv | 30. aug. 2018

Drageset-bygget er selt

– Vi ønskjer å behalda det som eit næringsbygg, seier kjøpar av Torggata 2 AS.

Drageset-bygget er selt
Drageset-bygget er rusta opp dei siste to åra. Ny eigar vil behalda det som eit næringsbygg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 30. aug. 2018 08:53

Våren 2016 bestemte eigarane av bygget, Gunnar Lyssand og borna Bjørg, Lene, Torgeir og Anders Drageset Lyssand, at dei ville selja det 1800 kvadratmeter store bygget i Os sentrum.

• Les òg: Drageset avviklar på Os (2011)

Bygget blei ikkje selt, og huseigar har i sommar vore på tampen av arbeidet med eit noko omfattande restaureringsprosjekt. Muren på fasaden er pussa opp, ny heis er på plass og det er bygd eit lokale ved sidan av daglegvarelokalet, retning elva.

– Men i sommar dukka det opp ein interessent, ein profesjonell aktør i eigedomsbransjen. Vi aksjonærane måtte ta ei avgjerd. Vi tenkte naturlegvis på kva som er best for oss, som driv ulik verksemd på kvar vår kant, men òg kva som er best for Osøyro, seier Torgeir Lyssand.

Dialogen gjekk gjennom sommaren, og nyleg er kontrakten skriven.

– Var generelt interessert i Os

I skrivande stund ligg det annonse på Finn.no med lokaler til leige i bygget. Kontaktperson er Sindre Øvrebø i Sinø Management AS.

– Kjøpar er Gjølanger Bruk AS, eit familieselskap. Sinø Management AS er selskapet som skal forvalta eigedomen, fortel Øvrebø.

Han har bakgrunn som gardeigar i Bergen. Interessa for bygget i Os var meir tilfeldig.

– Eg har vore interessert i Os ei stund, men det var tilfeldig at eg møtte seljar av dette bygget. Vi fekk ein fin tone, og etterkvart blei det handel.

Vil halda fram med næring

Norgesgruppen vest er, etter at Joker stengte, framleis leigetakar i det største av lokala på gateplan.

Sinø Management AS jobbar no med å fylla resten av bygget med leigetakarar.

– Bygget er, og vil forbli, eit næringsbygg. Vi ønskjer ikkje å seksjonera for å selja leilegheiter.

– No ønskjer vi å få inn leigetakar i det nye lokalet på gateplan, i tillegg håper vi å få inn nokre gode leigetakarar oppover i etasjane.

Spesielt på gateplan vil Øvrebø sjå sentrum under eitt, at det kjem ein leigetakar som ikkje stel omsetnad frå andre.

– Det beste er om vi får inn nokon som kompletterer utvalet i Os sentrum, ein som kan vera med å bidra til auka omsetnad for andre. Det er kanskje enklare sagt enn gjort, men kva blir det om du ikkje har ambisjonar? spør den nye eigaren av «Drageset-bygget».

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.