Næringsliv | 23. apr. 2009

Drageset i ny drakt

Torsdag er det opningsfest hos Drageset Glass- og Veskemagasin på AMFI Os.

Drageset i ny drakt
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 23. apr. 2009 08:11

− Dette har vi sett fram til, sa butikksjef Kari Fagerbakke like før ho stengte butikken for å pussa opp.

Det har lenge vore planar om modernisering av Drageset Glass- og Veskemagasin. I haust fekk søsterbutikken på Os ny drakt, no er det butikken på Amfisenteret sin tur.

− Då var det berre til å stenga av og gå i gang, seier Kari, som i 2006 overtok som sjef i den då 12 år gamle butikken.

Frittståande
Drageset Glass- og Veskemagasin har same eigar som Drageset Varehus, men er ikkje knytt til noko kjede. Dei to butikkane har noko forskjellig sortiment, så dei saman kan tilby kundane eit så breitt tilbod som mogleg.

− Sidan vi er frittståande har vi har varer som ikkje er lette å finna andre stadar. Vi gler oss til å få visa desse endå betre fram, både til osingane og til alle dei som kjem frå nabokommunane for å handla, seier Kari.

50/50 med vesker og glas
Drageset sel vesker frå kjeda Citybag, og aukar etter ombygginga uvalet av koffertar, lommebøker og bagar.

− Tidlegare har vi hatt om lag 60/40 glas og vesker. No får vi meir praktisk innreiing i ein lys og oversikteleg butikk, så då blir det både rom for større veskeutstilling og lettare å visa fram det store utvalet av både glas-, steintøy og vesker.

Drageset Glass- og Veskemagasin stengte butikken 16. april, for oppussing, og opna i går. I dag er det opningsfest i butikken på AMFI Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.