Sport | 05. sep. 2013

Draumedagar for Dag Tore

Såg Liverpool slå United, møtte Sakho og Tiago på hotellet - og snudde 1-5 til 6-5 med Nore Neset.

Draumedagar for Dag Tore
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 05. sep. 2013 07:15

Bildeserie:

1 av 5

- Det var heilt magisk, seier dag Tore Skjelde, trenar for Nore Neset sitt juniorlag, om bortekampen tysdag. 

Nore Neset låg under 5-1 borte for Askøy då det sto 20 minutt igjen, men snudde kampen, skåra 5 mål i innspurten og vann 5-6.

- Og eg svevde allereie i skyene etter ein tur til Liverpool i helga. Det er ikkje mykje som er finare enn å sitja på Anfield å sjå Manchester United få bank, i tillegg møtte vi både Mamadou Sakho og Tiago Ilori på hotellet vi budde på.

Måndag morgon blei det kjent at Mamadou Sakho frå PSG og Tiago Ilori frå Sporting Lisboa begge har signert med Liverpool.

Jordnære stjernespelarar

– Vi sat rett bak mål då skåringa kom, det var heilt utruleg, seier Dag Tore, som saman med to av sonane og nokre venar var på Anfield for å sjå klassikaren Liverpool - Manchester United.

Daniel Sturridge (24) skåra kampens einaste mål, på sin eigen bursdag, då Liverpool vann 1-0.

Men også på hotellet osingane budde på blei det opptur.

– Vi viste seg at Sakho og Tiago budde på same hotell som oss. Vi møtte dei i lobbyen og dei var utruleg omgjengelege. Vi prata fotball og fekk ta bilde.

Sakho hadde tolk då han ikkje kunne engelsk, men han sette opp eit enormt smil då osingane snakka om stemninga på Anfield (Anfiled is bouncing) kampen gjennom.

– På kvelden var gutane på by'n med far til Tiago og festa med han til langt på natt. Morgonen etter kom han bort til Thomas under frukosten og sa: "You got me drunk last night", og lo godt før han stakk av garde i ein limousin.

Stor snuoperasjon

Etter oppturen i England blei det ein ny og uventa opptur heime for Dag Tore.

Os og Nore Neset leiar kvar si avdeling etter at Os vann 13-2 (!) tysdag og Nore Neset tok sin andre siger for hausten då dei snudde bortekampen mot Askøy.

– Vi låg under 2-1 til pause og 5-1 då det sto 20 minutt igjen. Eg frykta eit skikkeleg stortap. Men så bad eg spelarane gå i kjellaren og henta krefter, fortel Skjelde.

Og norenesingane fann tydelegvis plenty med krefter i kjellaren denne gongen.

Først kom frispark direkte i mål av Johannes Risbakk (5-2), så kom Henrik Skjelde inn frå venstre kant (5-3), så blei Henrik felt og fekk straffe.

– Tor Erik Aasen sette inn eit nydeleg straffemål (5-4). Knut Haga, ein svært talentfull gutespelar med ein god venstrefot sto for utlikninga.

Ole M. Øvstedal, som vanlegvis speler forsvar, blei flytta fram som spiss og blei matchvinnar då han sette inn 5-6 til ellevil jubel på overtid.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.