31197213

Draumestart på Søfteland

Søfteland Rock N LoL: Éi sol, to scenar, ingen skyer og ti band.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Fem år gamle Søfteland Rock N LoL fekk ein draumestart då det fredag ettermiddag braka laus med Coachroach Agenda på ny tilleggsscene i eige telt på høgda over hovudscenen.

Med sol frå start sto folk i kø for å rigga telt fredag formiddag og frå 17-tida av var det livleg både å Drus Kæmp, som festivalcampen nede ved vatnet heiter, og oppe på sjølve festivalområdet.

NEDST I ARTIKKELEN:
SJÅ VIDEO FRÅ FØRSTE FESTIVALDAG
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden.no)

På minuttet

– Dette med to scenar ser ut til å fungera akkurat som vi hadde håpa på. Det blir null dødtid mellom banda og folk går frå scene til scene for å få med seg konsertane, seier William Lindborg.

I tillegg var doblinga av talet på scenar med på å få arrangementet til å gå slag i slag, kvart band gjekk på scenen meir eller mindre på minuttet då det var annonsert. Noko som er verdt å merka seg til laurdag, om du ikkje vil gå glipp av din favoritt.

10 band sto på programmet for fredagen, 5 på kvar scene. Folk vandra frå scene til scene og sjølv om det strålande sommarvêret skapte stemning nede på campen heldt nok fleire enn før seg oppe på konsertane.

Meir ORBO

Etter opninga i teltet starta ORBO & The Longshots showet på hovudscenen. Dei serverte låtar frå fleire album, også det som kjem 27. august. 

ORBO spelte i nesten ein time og hadde publikum som såg ut til å ønskja seg ein heilaftens med longshots.

Så var det Feilfødt sin tur. Dei gjekk hardt ut, på og av scenen, og hadde tydelegvis ei gruppe hardbarka fans som var klare for å synga med, anten Feilfødt-vokalisten sto på scenen eller på golvet, heilt oppe i trynet på publikum.

Fullt telt klokka åtte

Dig Deeper koste seg i sola frå hovudscenen før det populære søftelandsbandet, med festivalsjef Andreas Lindborg på trommer, samla smikkfullt telt.

Klokka var 20 og saman med fullt telt byrja festivalområdet utanfor verkeleg å sjå ut som eit festivalområde.

Wolves Like Us blei følgt opp av nok eit lokalband, Manheads på heimebane fylte tetet på nytt, og på Demonizer tok det av.

Fjorden tilbake på Sanden

Mykje har skjedd med både Fjorden Baby og Søfteland Rock N LoL sidan sist Fjorden spelt på Søfteland.

I natt, etter årets spellemannsprisvinnarar Kråkesølv og Jeroan Drive hadde vore på kvar sin scene, sto Fjorden Baby klar til å runda av første festivalkveld frå hovudscenen.

Sola hadde gått ned, myggen hadde byrja å bita og publikum samla seg i ein stor stim rundt scenen, der Sturle Kvilekval og resten av det seks år gamle bandet frå Loddefjord hadde heile Søfteland i si hule hand.

Laurdag er det familiefestival frå klokka 11, med blant anna luftgitarspeling og minikonsert med ORBO & The Longshots.

På kvelden står desse banda på programmet: KingCalling, Norma Sass, Overthrow, Death By Unga Bunga, Neoplasma, Tôg, Razika, Lukestar, Major Parkinson og Ida Maria.

SJÅ VIDEO FRÅ FØRSTE FESTIVALDAG
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden.no)

 

Fleire saker