Lokal | 12. jan. 2012

Driv omfattande søk

Fjellanger Hundeskole har for første gong mista ein hund. – Ikkje prøv å fanga den om du finn den, seier Rune Fjellanger. (oppdatert; hunden er funnen)

Driv omfattande søk
Rune Fjellanger saknar ein spansk vannhund. Hunden som er innfelt liknar den som er sakna. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy/privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 12. jan. 2012 08:20

– Vi sat og snakka om det i jula, "bank i bordet", vi har enno ikkje mista éin hund frå hundeskulen eller pensjonatet, fortel Rune Fjellanger.

Men i går blei det brot i sigersrekka - ein spansk vannhund hoppa over eit to meter høgt gjerde og forsvann.

– Vi tok med hundar og dreiv systematisk søk i alle retningar. Men vi fann han ikkje.

Hunden forsvann frå hundepensjonatet, som ligg i mellom bustadfeltet i Åsen og Lysekloster-ruinane.

Ba publikum om hjelp

I dag, når det blir lyst, ville Fjellanger og dei andre hundepassarane trappa opp igjen søk etter hunden.

– Den er redd for folk, så om nokon ser den så bør dei ikkje prøva å fanga den. Då kan den bli skremt. Det er betre om folk heller varslar oss og følgja med kvar den går, sa Rune torsdag morgon.

OPPDATERT: Hunden blei funnen midt på dagen torsdag. Naboar i Åsen såg hunden, heldt den i nærleiken med mat og varsla Fjellanger.

– Den var ikkje lett å fanga før vi fekk fleire hundar på plass. Då blei den selskapeleg med dei andre hundane og distrahert nok til at vi fekk tak i han.

Rune takkar hjelpsame og ivrige naboar for innsatsen i dag.

Kjem frå Askvik

Hunden høyrer heime i Askvik. Den var på pensjonat hos Fjellanger medan eigarane er vekkreist.

– Hunden er berre eitt år og eigarane har berre hatt han i fire månadar, så eg trur nok ikkje at hunden finn heim igjen til Askvik.

– Men vi er sjølvsagt utom Askvik også, innimellom, for å leita.

Les òg:
Full guff i ny hall

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.