Iselin Borge og Josephine Vågen håper å driva hotellet i over tre år til. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Driv vidare med nytt namn

Bjørnefjorden Gjestetun skiftar namn til Bjørnafjorden Hotell.

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I desember 2016 blei det kjent at eigarane av Bjørnefjorden Gjestetun har selt den 11 mål store eigedomen, med gjestetunet, til Bybo AS. Bybo er ein større aktør frå Bergen som omsette for over 175 millionar kroner i 2017, og som jobbar med å få tomta omregulert til bustad.

I mellomtida har eit selskap starta av tilsette fått leiga bygningane.

– Vi fekk jobba vidare under førre eigar sitt namn i eitt år. Når tida no er ute ønskjer vi ikkje å leiga dette, men å driva vidare under nytt namn, seier Ielin Borge.

Ho driv no hotellet saman med Josephine Vågen.

– Når Os og Fusa slår seg saman til éin kommune om litt over eit år, tenkte vi at vi kunne gjera som den nye kommunen, å endra namnet frå e til a, Bjørnafjorden. Samtidig er ordet «hotell» lett å forholda seg til både for norske og utanlandske turistar.

Eit tøft førsteår

– Med litt strammare organisasjon, færre leiarar og eigarar som jobbar her i full stilling, har vi tru på at vi kan få dette til sa dei nye drivarane i mars i fjor.

Den første hausten blei bra og julebordsesongen var grei.

– Men vi bomma litt på bemanningen nokre gongar, og hadde fleire på vakt enn kva som var naudsynt. Nokre av julearrangementa våre var lagt opp til drop-in, og vi var enkelte kveldar skodd for fleire gjestar enn kva vi fekk, fortel Iselin.

Vinteren blei svak, og i periodar var alle utanom eigarane permitterte.

– Vi prøvde å ha så open og god dialog med dei tilsette som mogleg, dei er alle skjønne og dyktige folk. Nokre av dei fann seg nytt arbeid, og nokre nye har kome inn. Eg føler at vi har eit sterkt team.

Høgsesong frå mai

Iselin og Josefine ser no tilbake på en god vår og sommar.

– Spesielt mai og juni var bra! Vi har hatt mange privateselskap, som bryllaup og runde dagar. Vi hadde ikkje tatt inn fullt like mange bryllaup som i fjor, men for 2019 ser det allereie veldig bra ut!

– I tillegg er det bra med mellomstore selskap som tar årsmøtet hos oss, eller ei sommaravslutting. Vi skulle gjerne hatt fleire rom, og nokre singelrom, for med 30 rom å by på og kollegaer som vil ha enkeltrom, har vi i praksis berre plass til firma med inntil 30 overnattande gjestar.

I juli var amerikanske og kinesiske grupper, nederlandske syklistar og tyske ektepar blant gjestane.

– Det er utruleg hyggeleg å sjå reaksjonen på dei utanlandske gjestane i det dei oppdagar utsikta, og etter at dei har vandra i hagen. Staden har ein heilt fantastisk atmosfære.

Alltid open for lokale gjestar

Ved sidan av firma og turistar legg drivarane til rette for at det skal vera enkelt for osingar og folk i nærområdet å koma innom på eit måltid.

– Frukostbuffeten vår er open for alle, om det er nokon som vil starta dagen sin med ein litt ekstra god mat ein dag. Smårettmenyen er for sal frå formiddag til kveld kvar einaste dag.

– I haust vil vi dessutan laga ein eigen meny med husmannskost, som vi i starten byr på eit par dagar i veka.

Josefine har jobba ved gjestgiveriet i 17-18 år, og fungerer som hotellsjef, Iselin er dagleg leiar og kokk. Iselin er òg ivrig brukar av hagen, blant anna med dyrking og hausting.

– Hagen har gjeve oss meir enn vi har klart å hausta, og gir oss framleis gode råvarer. No er det eplesesong, og vi prøver å vera kreative med varene vi får i hus.

– Kor lenge kan de driva før bygningane skal rivast?

– Vi har leigekontrakt i 1,5 år til, men kan utvida nokre år til. Vi håper å driva i 3,5-4 år til, og at det blir nokre gode år for både gjestar og tilsette, seier Borge og Vågen.

Fleire saker