Lokal | 25. mai 2019

– Drog opp mange fisk utan lov

– Enkelte tolkar grenseskiltet elv-sjø på feil måte.

– Drog opp mange fisk utan lov
Ein gjeng på rundt ti personar fiska i 100-meterssona tidlegare i veka. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no) 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 25. mai 2019 09:19

– Dette bør gjerast noko med. Dei drog på land mange fisk berre i løpet av dei 30 minutta eg sto der, fortel innsendar av eit bilde som viser mange fiskarar ved skiltet som viser grensa mellom elv og sjø i Os hamn.

Vi mottok bildet onsdag morgon. Det er ikkje einaste gong den siste tida at folk har reagert på at utlendingar fiskar i 100-meterssona.

– Ein av fiskarane som nyleg gjekk bort for å forklara kor det lov å fiska, blei ikkje tatt omsyn til. Fiskarane peikte på grenseskiltet og sa at dei fiska i sjø, fortel Roald Helle frå grunneigarlaget.

Har du kontroll på reglane? Her ser du kart og alle sonene og fisketidene utanfor grensa mellom elv og sjø.

– Risikerer bot

Naturoppsynsmann Terje Wangsholm frå NJFF Hordaland seier han har vore på fleire patruljar i Os i det siste, men at han ikkje har møtt fiskarar i 100-meterssona.

– I så fall ville dei ikkje fåt ei åtvaring, dei ville blitt meldt. Reaksjonen ville nok blitt ei bot, men det er opp til politijurist å vurdera.

Det er lov å fiska i 100-meterssona, men berre når fisket i Oselvo er ope (15. juni-15. september), og ikkje etter laks eller aure før 15. juli.

– Eg har inntrykk av at politiet i Os er flinke til å visa folk vekk. Om dei då nektar så risikerer dei å bli meldt for ikkje å retta seg etter pålegg frå politiet.

Ønskjer skilt på fleire språk

Utanfor 100-meterssona ligg fredningssona. Her er det lov å fiska med stang heile året, men ikkje etter laks eller aure før 15. juli.

– Det er for eksempel ikkje lov å ta laks frå moloen på Steinneset no, men der blir det òg tatt ein del marine artar.

– Det er skilta, men vi har eit ønskje om endå meir informativ skilting, gjerne på fleire språk, seeir Wangsholm.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.