Kultur | 07. apr. 2010

Dronninga blei ny

Bjørnefjordens Dronning, MS Midthordland, har fått nytt understell.

Dronninga blei ny
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 07. apr. 2010 11:07

Bildeserie:

1 av 5

Då MS Midthordland låg på slipp i vinter var det i hovudsak for å skifta nokre stålplater i baugen. I tillegg hadde eigarane, Det Midthordlandske Dampskibsselskap AS, fått midlar av riksantikvaren til å skifta framdekket.

- Då vi vasspylte skroget, noko vi gjorde for eiga rekning, blei det blåst hol i skroget fleire plassar. Midlane til framdekket blei omdisponert og nye midlar kom på plass, så no har Dronninga skrog i 30 år til, seier medeigar Helge Andersen til Midtsiden.no.

Fine målingar - spinkel sveis
Tidlegare målingar av skroget har vist gode resultat, men under arbeidet i vinter blei det oppdaga at stålet var svakt rundt spantane, som ligg horisontalt.

- Dei på Dåfjord byrja først å reparere på dette, men det var så omfattande at vi søkte om midlar til full utskifting. Til saman 1,8 millionar kroner blei brukt, og no er 80 prosent reparert. Dei siste platene bak på skroget tar vi om to år.

Inviterer til dugnad
Fredag 26. mars blei Midthordland sjøsett. No ligg Dronninga på Sundøy, men ho er ikkje heilt klar for passasjerar enno.

- Vinteren gjekk med til teknisk utskifting og vedlikehald, no står det ein god porsjon med rydding og vasking igjen. Er det nokon som vil vera med og hjelpa nokre timar i helga så er vi på plass både laurdag og sundag. Midthordland ligg nær Hargun i Søre Øyane, seier Helge.

Bra booking
Finanskrisa gjorde det generelt tungt for mange som driv i reiselivsbransjen, også veteranbåtane.

- Vi klarte oss bra gjennom sesongen, om vi samanliknar med ein del andre. I år har det starta endå betre, eg trur vi har bestillingar på 52 driftsdagar til no.

I tillegg til firmaturar skal Midthordland i år som i fjor på Osøren Blues & Jazzfestival, og festivalar i Skånevik, Tysnesfest, Molde og på matfestivalen og oljemessa i Stavanger.

Les meir om MS Midthordland på midthordlandske.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Hald deg oppdatert med Midtsiden

Få tilgang til alt innhald frå Midtsiden-redaksjonen. Som abonnent hjelper du oss på veg til å kunna dekka endå meir av det som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.