Korona | 27. sep. 2021

Droppar massevaksinering i oktober

Onsdag er siste sjanse. Då kan du velja om du vil ha Pfizer eller Moderna.

Droppar massevaksinering i oktober
Etter onsdag må du bestilla legetime for å få koronavaksine. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 27. sep. 2021 06:19

I utgangspunktet hadde Bjørnafjorden kommune plan om ikkje å ha massevaksinering i veke 40 og 41, men køyra to onsdagar til med massevaksinering i Oshallen etter haustferien.

Men fredag opplyste kommunen at siste dag med massevaksinering i Oshallen og på Fjord'n Senter blir onsdag 29. september.

– Då kan du samtidig velja om du vil ha Pfizer eller Moderna, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

Vaksinasjonsstadane er opne frå 08.30 til 11.30.

Det er mogleg å bestilla time, men du kan også svinga innom på «drop-in», skriv kommunen.

– Dersom du vel å ikkje vaksinera deg, må du vera førebudd på at du har større risiko for å bli smitta og sjuk av koronaviruset. Viruset kjem ikkje til å forsvinna med det første, legg Melf til.

Etter onsdag må du bestilla legetime for å få vaksine.

Mangla 550 for å nå målet

Torsdag informerte kommunalsjef Monica Totland Melvold at 550 innbyggarar i aldersgruppa frå 18 til 44 år mangla for at kommunen skal nå målet med 90 prosent vaksinerte vaksne.

Mengda nye smittetilfelle stupte frå veke 35 til 36.

Då Erna Solberg fredag annonserte gjenopning frå laurdag 25. september sto Bjørnafjorden kommune med totalt 372 smitta frå pandemien starta i mars 2020 til no.

Vi hadde 104 smitta i 2020 og er oppe i 268 til no i år. 95 av desse kom i rekordmånaden august.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.