Kultur | 10. mars 2010

Droppar storkonsert

Publikumssvikt på konserten gav underskot på Vårsleppet i fjor. I år går Vårsleppet back to basic.

Droppar storkonsert
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 10. mars 2010 11:10

Bildeserie:

1 av 4

Vårsleppet i Os blei arrangert første gong i mai 2002. Med fleire bil- og båtutstillingar, vassjetkonkurranse i hamna, torghandel og aktivitetar for ungar blei det eit vellukka arrangementet og ein mal som blei følgt i nokre år.

I 2005 blei Vårsleppet supplert med tivoli og storkonsert, Hellbillies samla over 1000 i telt på Haugsneset og inntektene frå arrangementet auka. Seinare år kom Trang Fødsel, CC Cowboys og Hellbillies igjen i 2008, men då utandørs.

- 2008 blei rekord, med nesten 1600 på konsert og utan utgifter til stortelt. I fjor blei det dessverre ikkje like velluka, truleg mykje grunna det dårlege vêret, seier leiar for Os sentrumsforening, Renate I. Sundberg.

I mindre skala
Med meir enn 1000 færre gjestar enn året før gjekk DeLillos-konserten med stort underskot. Utan samarbeidspartnar å dela risikoen med vil ikkje sentrumsforeininga prøva seg på ny konsert med band i same prisklasse.

- Men det kan godt henda at vi arrangerer konsert i år også, vi har dialog med eit kjent og populært band som kan stilla til ein pris som ikkje gjer oss avhengige av så stort billettsal, seier Renate, som ikkje vil ut med kva band det er snakk om før styret har bestemt seg.

Tour for Kids
Sjølv om OSF er usikker på om det blir konsert er dei bestemt på å laga Vårslepp som før.

- Vårslepp blir det uansett, laurdag 8. mai er datoen. Vi vil tilbake til der vi starta når det gjeld utstillarmengd og type aktivitetar og tema. Bil, båt, motorsport - og aktivitetar for ungar som passar til eit vårslepp, stadfestar Sundberg.

I samarbeid med CK Henie blir det dessutan noko heilt nytt i år. Tour of Norway for Kids kjem til Os, og rittet kjem til å gå frå og til Os sentrum 8. mai. Les meir om rittet på tourkids.no.



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.