Lokal | 01. jan. 2019

Drosje skadd av takplate

Både sjåfør og passasjer fekk seg ein støkk på Lyssand første nyttårsdag.

Drosje skadd av takplate
Bilen flytta seg sidelengs då den blei råka av ei takplate som var tatt av vinden. (Lesarbilde, foto: Arnfinn Edvardsen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 01. jan. 2019 10:16

Bildeserie:

(Lesarbilde, foto: Arnfinn Edvardsen)
(Lesarbilde, foto: Arnfinn Edvardsen)
(Lesarbilde, foto: Arnfinn Edvardsen)
(Lesarbilde, foto: Arnfinn Edvardsen)
1 av 2
(Lesarbilde, foto: Arnfinn Edvardsen)
(Lesarbilde, foto: Arnfinn Edvardsen)

Stormen som kom til Vestlandet nyttårskvelden har ført til fleire straumbrot.

I tillegg har den ført til enkelte skadar.

– Eg hadde vore i Hegglandsdalen og henta ein passasjer då uhellet skjedde, fortel Arnfinn Edvardsen frå Os Taxi.

• Har vinden gjort skade der du er? Send informasjon og bilde til tips@midtsiden.no

Klokka var 06.40 og bilen hadde passert Vallabrua på Hegglandsdalsvegen. Han og passasjeren høyrde ein kvesande lyd, som om det var lekkasje i ein gasstank.

– Så kom smellen! Vi såg ikkje kva det var som trefte bilen, men bilen flytta seg sidelengs, det var store krefter i sving.

Bulk i dør på ny bil

Etter å ha rygga unna nokre meter gjekk Arnfinn ut for å sjå. Han trudde det kunne vera ei gassflaske, grunna lyden, men så såg han ei svart takplate med litt kvit lakk på. Den kvite lakken stamma frå drosjedøra.

Drosjen, ein Volvo V90, kom til Os Taxi rett før jul. Den er så ny at logo førebels ikkje har kome på.

– I tillegg til nokre små bulkar er døra skubba inn. Vi kom oss naturlegvis vidare, men det er ikkje kjekt med bulk i ein spesialbygd bil som er under to veker gamal, seier Edvardsen.

Velta lyktestolpar på Hatvikvegen

Han har vore på vakt frå klokka 4 i natt, og berre møtt éin annan hindring på vegane i Os.

– Rett etter at eg kom på vakt blei Hatvikvegen stengt ved Bø.

– To lyktestolpar vela og hang over vegen. BKK Nett kom til staden og stengte vegen mens dei jobba på staden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.