Lokal | 30. mars 2021

Drosjesjåføren prøvde å svinga unna den møtande bilen

No står Os Taxi utan den eine av tre rullestolbilar.

Drosjesjåføren prøvde å svinga unna den møtande bilen
Personbilen blei langt meir skadd enn maxitaxien. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 30. mars 2021 07:27

Søndag i 18.20-tida rykte politi, brannvesen og ambulanse ut til frontkollisjon på E39 Halhjemsvegen.

Ulykka skjedde ved vekta, 600 meter frå blålyseiningane sin base på Moberg.

Ein maxitaxi med retning frå Halhjem mot Os fekk ein personbil i fronten. Drosjen hadde ingen passasjerar, i personbilen var det éin passasjer.

Maxitaxien var mindre skadd, men ikkje køyrbar etter frontkollisjonen. (Foto: KVB)
Maxitaxien var mindre skadd, men ikkje køyrbar etter frontkollisjonen. (Foto: KVB)

Stakk frå staden

Drosjesjåføren var uskadd, bilførar, ein mann i 50-åra, stakk frå staden. Den kvinnelege passasjeren var bevisst, men blei frakta frå staden i ambulanse.

E39 var stengt til klokka 19.38. Klokka 19.45 blei bilførar funnen.

– Fleire patruljar var ute på søk etter bilførar, og fann han i Os sentrum. Det var viktig å finna han. Ikkje berre for det tekniske rundt ulykka sin del, men han kunne sjølv vera i fare etter kollisjonen.

– Det er ikkje mistanke om rus, men vi har sikra blodprøve og naturlegvis oppretta sak, seier politibetjent Morten Haugland.

Passasjeren var bevisst, men blei frakta til sjukehus med ambulanse. (Foto: KVB)
Passasjeren var bevisst, men blei frakta til sjukehus med ambulanse. (Foto: KVB)

Ei kapasitetsutfordring for Os Taxi

Drosjesjåføren var den første i Os Taxi som tok drosjeprøve etter at krava i november i fjor blei skjerpa. I helga hadde han si første vakt i maxitaxien.

– Vi er glade for at det gjekk fint med han, det ser ut som om han er uskadd, seier styreleiar i Os Taxi SA, Tor Anders Hauge.

– Han skal ha sett at det var noko rart på gang lengre framm, så han senka farten. Då bilen kom rett mot han, prøvde han å svinga unna, han var faktisk inni autovernet, men klarte ikkje å unngå samanstøyt.

Ingen av dei involverte bilane var køyrbare etter ulykka. Det betyr at Os Taxi er utan den eine av dei tre maxitaxiane sine ei stund framover.

– Vi køyrer ganske mange rullestolbrukarar. Det er litt rolegare denne veka, sidan det er påskeferie. Vi har varsla Helse Bergen og vil seia ifrå til skulane at vi kan få noko kapasitetsutfordring på køyring av rullestolbrukarar framover.

– Det er mogleg at vi kan avlasta med minibussane. Desse er underlagt reglar om køyre- og kviletid, men det er mogleg at unntak i fast rute kan opna for litt meir fleksibel bruk mens vi ventar på reparasjon eller erstatting av den skadde maxitaxien.

E39 var stengt i ein time etter kollisjonen. (Foto: KVB)
E39 var stengt i ein time etter kollisjonen. (Foto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.