Drukning: Viss alle passar på, passar ingen på
Drukningsulykker skjer ofte stille, utan rop eller synlege teikn. Derfor oppmodar Skadeforebyggende forum til å innføra ei enkel vaktordning ved vatnet denne sommaren.


15 personar mista livet i drukningsulykker i juni. I første halvår har til saman 42 personar drukna i Noreg – mot 17 på same tid i fjor, viser Redningsselskapet sin ferske drukningsstatistikk.
Ulykkesbildet i juni skil seg særleg ut ved mange fritidsbåtulykker, inkludert kano.
Ni personar drukna etter ulykker med fritidsbåt, fire under bading og to etter fall frå land. Blant badeulykkene var fleire av dei omkomne unge menn.
Ulykkene har skjedd både i sjø, ferskvatn og elv, og viser at risikoen i sommarmånadene ikkje er knytt til éin type aktivitet eller éin bestemd stad.
– Dei viktigaste råda er enkle. Bruk redningsvest i båt, kano og kajakk. Bad saman med andre. Hald auge med barn heile tida. Ver varsam med alkohol ved vatn. seier Tanja Krangnes, fagsjef for drukningsførebygging i Redningsselskapet.
Skadeforebyggende forum (Skafor) går i dag ut med ei oppmoding til dei vaksne: Del på å vera badevakt.
Når fleire vaksne er samla på stranda, ved bassenget eller andre badeplassar kan det vera lett å tru at nokre andre følgjer med på barna. Men det er nettopp då ulykka kan skje. Alle trur dei andre har oversikta, medan realiteten er at ingen har det.
– Vi kallar det ansvarsvakuumet. Det oppstår når ansvaret ikkje er tydeleg plassert. Løysinga er enkel. Avtal alltid kven som er badevakt, og den personen har då ansvaret for å følgja med på barna i og ved vatnet, seier Tina Hveem Vislie, skadeførebyggjar i Skadeforebyggende forum (Skafor).
Organisasjonen Safe Kids Worldwide, som Skafor samarbeid med, har utvikla konseptet «Water Watcher», ein dedikert badevakt.
Det kan også vera lurt å ha ein symbolsk badevakt-gjenstand, for eksempel ein hatt, ein ball, eller i det minste ein tydeleg beskjed som seier at no er det din tur.
Slik innfører du vaktordning ved vatn
- Avtal på førehand kven som er badevakt. Gå aldri frå posten utan å gi ansvaret til ein annan.
- Ver berre ein armlengds avstand unna dei minste.
- Byt ofte. Det er lettare å halda fokus i kortare periodar.
- Bruk ein gjenstand som «stafettpinne» når du byter vakt.
- Legg vekk mobilen medan du har vakt.
Drukning skjer stille og raskt
Mange trur at ein person som druknar vil laga lyd og tiltrekkja seg merksemd. Det er sjeldan rett.
Det er vanskeleg å ropa når kroppen prøver å pusta, og den bruker all energi på å halda hovudet over vatnet.
Det kan gå under 60 sekund frå barnet er i trøbbel til det forsvinn under overflata.
– Legg vekk mobilen. Ein vaksen skal alltid sjå barna, ikkje av og til, men aktivt og heile tida når barna er i eller ved vatn, seier Vislie.
Oppblåsbare produkt som armringar, madrasser og flyteleikar gir mange foreldre ei kjensle av tryggleik. Men dei er ikkje godkjende redningsutstyr, og dei kan gi ein farleg falsk tryggleik.
Barn kan gli ut av armringar eller tippa framover, bli tatt av straum eller vind på ei luftmadrass og ikkje klare å komma seg inn igjen.
Hugs også
- Barn som sym godt i basseng er ikkje nødvendigvis trygge i sjø og elv. Straum, lågare temperatur og bølgjer gjer det langt meir krevjande.
- Ver synleg som voksen på stranda. Bruk eit flagg eller noko fargerikt, så barnet kan finna tilbake til deg.
- Redningsvest skal alltid brukast i båt, og gjerne også på bryggje og svaberg.