Kultur | 27. okt. 2020

Du kan få bestemma kva som skal skje på scenen

På laurdag kjem Riksteatret til Oseana med stykket «Verdens nest kuleste forestilling».

Du kan få bestemma kva som skal skje på scenen
– Kva skjer no? På laurdag kan du vera med å styra handlinga på scenen i Oseana. (Pressefoto: Riksteatret)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 27. okt. 2020 12:51

– «Verdens nest kuleste forestilling» er fredagskveld OG lørdagskveld OG bursdag på éin gong. Så gøy at man aldri treng å gå på teater igjen, seier Mats Eldøen, kunstnerisk ansvarlig ved Det Andre Teatret og skodespelar i forestillinga som på laurdag kjem til Oseana.

Laurdag denne veka kjem Riksteatret altså tilbake til Oseana. Denne gongen med «Verdens nest kuleste forestilling», eit «impro-show» for heile familien.

Denne gongen kan små og store får vera med på å bestemma kva som skal skje på scenen.

På laurdag kjem Riksteatret til Oseanamed teaterstykket «Verdens nest kuleste forestilling». (Pressefoto: Riksteatret)
På laurdag kjem Riksteatret til Oseanamed teaterstykket «Verdens nest kuleste forestilling». (Pressefoto: Riksteatret)

Alt kan skje

– Når ungane får bestemma, kan alt skje, seier teatersjef Arne Nøst.

– Vi inviterer heile familien på teater. Saman med skodespelarane i «Verdens nest kuleste forestilling» kan alle i salen få vera med på å bestemma kva som skal skje på scenen.

På scenen står blant anna Helén Vikstvedt og Mats Eldøen, som mange kjenner fra humorprogram på NRK og NRK Super.

Begge jobbar ved Det Andre Teatret, som har markert seg som eit av de mest lekne og innovative teatra vi har i landet - med nokre av dei vittigaste aktørane på scenen.

Regissør for forestillinga er Tony Totino, som allereie på 1970-talet var med på å starta fenomenet teatersport /improteater i Canada.

Catrine Frost Andersen, Ellen Bendu, Mats Eldøen, Helén Vikstvedt, Mats Holm, Deniz Kaya, Veslemøy Mørkrid, Mari O Thingelstad og Olli Wermskog utgjer dei medverkande på scenen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.