Marie med nokre av dei mange elevane ho hadde i Os laurdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Marie med nokre av dei mange elevane ho hadde i Os laurdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Du treng ikkje vera god å teikna for å bli flink i graffiti

UKM: Marie Doyenne kursa ungdomen i garasjen til Oseana.

Kjetil Vasby Bruarøy
09. februar 2020 - 21:17

I dag blei Ung Kultur Møtes (UKM) arrangert i Oseana, med mange deltakarar, høgt nivå og ny rekord innan utstilte verk.

Rundt halve utstillinga blei laga i kulturhuset sin garasje laurdag.

– Det viktigaste først

Klassekameratane Håvard og Jacob var blant dei ivrige elevane på det fullteikna første kurset.

– Vi meldte oss på fordi vi ville spraya med maling. Det såg gøy ut, og det er gøy òg, seier dei to 11-åringane.

Håvard og Jacob var ivrige med sprayboksane, og hugsa det viktigaste dei lærde. (Foto: KVB)
Håvard og Jacob var ivrige med sprayboksane, og hugsa det viktigaste dei lærde. (Foto: KVB)

– Kva kjem de til å hugsa best, av det de har lærd i dag?

– Eg skal visa deg! seier Jacob, og finner ei testflate å demonstrera på.

– Du skal spraya sånn, forel han, med lette trykk på toppen. – Du skal ikkje berre halda knappen inne.

Bergens første «stovereine» spraykunstnar

Kurshaldar var Marie «Doyenne» Paulsen frå GraffitiGarasjen.

– Eg starta då eg var 11-12 år gamal, altså for 11-12 år sidan. Då hadde graffiti akkurat byrja å bli nokolunde akseptert, fortel Marie.

– Eg trur ikkje eg var spesielt meir glad i å teikna enn kva andre born er, men noko av det som er fint med graffiti, er at du ikkje treng å teikna så bra for å laga mykje fint med sprayboksen.

Ferske verk på veggen i Oseana i dag. (Foto: KVB)
Ferske verk på veggen i Oseana i dag. (Foto: KVB)

Teknikk og repetisjon er to nøkkelord.

– Du må gjerne spraya same streken tusen gongar før du er så god at du har kontroll. Her er det øving som gjeld, og ungdomen bør ha ein plass som dei kan halda på med dette ofte.

– Kva er det første du lærer ungane?

– At boksen må få «pusta». Den skal ikkje berre pusta ut, korte spray er lettast i starten. Seinare går vi over på skyggelegging og nokre andre teknikkar, som å spraya i ein kort og kasta det på lerretet.

Ein aktiv garasje

Marie kjenner fleire av gatekunstnarane som i fjor deltok i prosjektet til Vartun. Sjølv er ho aktiv i GraffitiGarasjen, eller @garasjenyas (der YAS står for noko så hipt som Ytre Arna sentrum).

– Her har vi graffitikurs kvar veke, og vi har skatemodular og hiphopmatte. Slike samlingsplassar for ungdom er viktige, eg blei sjølv kjent med graffiti i ein sånn klubb, og synest det er kjekt å høyra at Ung Arena kjem til Os.

– Vi har hatt gode sponsorar i GraffitiGarasjen, men no ventar vi på nye, med håp om å koma i aktivitet igjen i mars.

Resultata frå dei to kursa i Oseana-garasjen laurdag blei stilte ut i foajeen under UKM i dag. Det skal både trekkast ut nokre bidrag som skal visast på fylkesmønstringa, og nokon som saman med Loops skal få dekorera ein vegg i Os sentrum.

Midtsiden kjem tilbake med bildeserie og video frå UKM - og med kven juryen sender vidare av dei mange fine bidraga.

Fleire bilde under. Bildeserien er synleg for innlogga abonnentar.

 

Les meir om

Kultur