Lokal | 05. juli 2015

Duane frå Texas feira 4. juli på Røykenes

– Eg er imponert over både bilane og arrangementet, seier amerikanaren.

Duane frå Texas feira 4. juli på Røykenes
F.v.: Else Marie, Britt, Duane og Paul på 4. julifest på Røykenes. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 05. juli 2015 07:19

Laurdag var det storstilt markering i Os av den amerikanske uavhengighetsdagen. På dagtid og kveldstid var det til saman samla over 500 til fest og konsert på Er-An Veikro.

Os Amcar Club var del av arrangementet og kjørte saman med venar frå andre klubbar konvoi frå Røykenes til Hegglandsdalen og tilbake.

Sjå video og stor bildeserie.

Blant gjestane i teltet på Er-An var amerikanske Duane Curtis Dalager.

– Som om dei var ny

Dalager er frå landsbygda nordaust for Dallas.

– Eg bur ei mil (amerikansk mil = 1,6 km) frå ein av gardane der TV-serien Dallas blei spelt inn, fortel Duane.

– Det er imponerande kor flott fest det er laga til for 4. juli, synest han.

Det første han la merke til var naturlegvis alle dei gamle amerikanske bilane som sto på plassen.

– Kvar einaste av dei ser ut som om dei er heilt ny. Sjølv hadde eg ein '68 Chevy pickup, men den står her i Os no.

Besøker slekt

Duane var på fest på Er-An saman med tremenningar, søskenparet Britt Nordland Pedersen og Paul Nordland, og Paul si kone Else Marie.

– Pickupen står eg delar heime hos meg. Her var sjølv å henta den og fekk den sendt til Noreg, men det er ein del jobb før den er på vegen, fortel Paul.

Den amerikanske slektningen har ikkje vore i Noreg sidan 1985.

– Eg har nyleg blitt pensjonist, så no var det på tide å koma tilbake. Eg har vore her ei god veke og over helga skal eg og Paul til Kirkenes med Hurtigruten for så å kjøra ned igjen.

Han har også vore i Hardanger med Britt.

– Då vi for nokre dagar sidan kjørte forbi denne plassen så peika Britt på restauranten og sa «her er 4. juli-festen». Eg hadde ikkje venta meg dette, seier Duane, nøgd med å vera tilbake i Noreg, men likevel litt nær USA.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.