Duka for lang priskrig?
I sentrum er dieselprisen nede i 11,09, ved Uno X er det lange køar.

Fredag ettermiddag fekk Midtsiden tips om priskrig på drivstoff. Ved stasjonane i sentrum er prisane no nede i 12,59 kr per liter for bensin og 11,09 på diesel.
– Eg har nett landa frå ferie, og har ikkje oversikt. Men prisane var normale i går, mens det i dag stadig har tikka inn nye prismeldingar, seier Nils Øyvind Eidsvik hos Circle K.
– Eg lurer på om ikkje dette har samband med at Uno X er sponsor for sykkel-VM, at det er dei som starta.
Kan vera over i dag
Hos Carfix Os (tidlegare Lyssand Bil), der Uno X leiger, blir dette stadfesta av Torgeir Lyssand.
– Det stemmer, det er ein kampanje i samband med sykkel-VM.
Normalt varer priskrigar gjennom helga, gjerne til måndag formiddag.
– Bli denne krigen like lang?
– Eg har ikkje med drifta av Uno X å gjera, dei er berre leigetakar hos oss. Men eg vil tru at denne kampanjen er tiddstyrt og at den kan vera over i løpet av dagen i dag, seier Lyssand.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.