Sport | 20. okt. 2016

Duka for storhandel

Gjengen hos Stadion Sport sto på til langt på natt for å få ny og stor butikk klar til opning torsdag morgon.

Duka for storhandel
Stadion Sport har fått eigne handlevogner og langt større plass. Butikksjef Maria Steien og innehavar Erik Rosendahl. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 20. okt. 2016 17:46

Bildeserie:

Stadion Sport har separat inn- og utgang. (Foto: KVB)
Stadion Sport har separat inn- og utgang. (Foto: KVB)
Patagonia er nytt merke i butikken. (Foto: KVB)
Patagonia er nytt merke i butikken. (Foto: KVB)
… det er også Ron Hill, vist på spesialbestilt action-dukke. (Foto: KVB)
… det er også Ron Hill, vist på spesialbestilt action-dukke. (Foto: KVB)
Topptur-utstyr frå Dynafit er òg nytt hos Stadion Sport. (Foto: KVB)
Topptur-utstyr frå Dynafit er òg nytt hos Stadion Sport. (Foto: KVB)
1 av 4

– Det dukkar alltid opp ting når du bygger ein butikk, og då blir det hektisk innspurt, seier innehavar Erik Rosendahl.

Sjølv var han i seng klokka 4 i natt for ein kort blund før opning klokka 8. Andre tilsette sto på frå morgon til rundt midnatt.

– Ryddig og oversikteleg

Stadion Sport har auka frå 310 til 580 kvadratmeter med flytting frå 2. til 1. etasje.

– Behovet for større plass har vore der ei stund, No har vi fått det som vi vil, ryddig, oversikteleg og på ein måte som varene kjem godt fram.

Kundane har vore der sidan opning i dag tidleg og tilbakemeldingane har vore fine.

– Butikken har òg blitt betre for oss som jobbar her, seier butikksjef Maria Steien.

Nye merke og auka bemanning

Butikken har fått fleire nye merke etter flytting, blant anna jakkar frå Patagonia, toppturutstyr frå Dynafit, løpetekstil frå Ron Hill og Lars Monsen sitt undertøy, Aclima.

Med større areal og separat inn- og utgang er behovet for arbeidskraft òg større.

– I den førre butikken gjekk det fint å stå åleine på jobb i rolege periodar, her bør vi nesten vera minst to.

Nokre tilsette har auka i stilling, i tillegg skal det tilsetjast fleire ekstravakter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.