Jakt, fiske og natur | 05. des. 2023

Dykkeklubb klar for kald dugnad i Os hamn

– Det er ei stund sidan sist, så det blir spennande å sjå kva vi finn.

Dykkeklubb klar for kald dugnad i Os hamn
Os Dykkeklubb har base og båt ved Oselvarverkstaden. Til helga skal dei rydda «på heimebane». (Foto: Susann Haukeland Børnes)
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnestirsdag 05. des. 2023 11:59

Os Dykkeklubb, som har faste dykk kvar veke og base og båt ved Oselvarverkstaden, skal søndag leita etter andre ting enn fisk og kamskjell.

Då er det nemleg dugnad for å rydda botnen i Os hamn.

«Dette er eit tiltak for å få rydda hamna for boss, og fokusere på kor viktig det er med ein sunn og rein havbotn, skriv styremedlem, Jan Erik Moss Soltveit på Facebook-gruppa Oppslagstavlo i Os.

Klubben byr på kaffi og ein prat om publikum vil koma innom brygga i pausane. Då kan dei òg sjå kva som blir funne.

Bjørn Tore Bøhmer er klar for ryddedugnad, denne gong over vasskorpa. (Privat foto)
Les ògKastar seg på dugnadsbølgja

– Sist vi var på tilsvarande ryddeoppdrag var i Hatvika for to år sidan, seier styreformann Pål Hjertholm.

– Vi tar med oss oppsamlingsposar på botnen, som folk på land kan hala opp når dei er fulle.

Då blir jobben meir effektiv, og dykkarane slepp å gå opp og ned.

Hamna har tidlegare vore rydda med gravemaskin. Her er mudring i oktober 2007. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Hamna har tidlegare vore rydda med gravemaskin. Her er mudring i oktober 2007. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Trass 8-10 minusgradar, kvir ikkje dykkarane seg til oppdraget.

– Vi dykkar helst om vinteren, sikta er mykje betre då. Men det blir kaldt i overflata søndag, det er vi førebudde på, seier dykkar og styremedlem Hugo Jentoft.

– Kva er typisk å finna på slike rydde-dykk?

– Vi finn alt frå spøkelsesteiner (teiner utan tau til overflata) og båtutstyr til batteri og syklar.

– Og mobiltelefonar?

– Faktisk ikkje i Hatvika, men det kan jo henda vi finn det i Os hamn.

Dykkinga skjer i regi av Os dykkerklubb, men er støtta av Bjørnafjorden kommune og delar av næringslivet og handelsstanden i Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.