Lokal | 29. aug. 2012

Dyr jentetur

Det blei dyrt for jentene på biltur då dei blei stoppa i beltekontroll. Både førar og passasjerar fekk gebyr på til saman 6000 kroner.

Dyr jentetur
Inspektør Lars Harald Drange og mannskapa hans skreiv ut 21 beltegebyr tysdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 29. aug. 2012 10:20

Statens vegvesen hadde tysdag belte og teknisk kontroll tre plassar i Os.

- Vi sto i Industrivegen, i Ulvenkrysset på E-39 og rett nord for Hjellemarka.

- Totalt blei 1898 bilar kontrollert. 100 i Industrivegen, 270 ved Ulvenkrysset og 1528 ved Hjellemarka, fortel inspektør Lars Harald Drange.

Jenter uten belte

21 bilførarar og passasjerar blei ilagt gebyr for ikkje å bruke bilbelte.

- Sju av dei i Industrivegen og Ulvenkrysset, dei fjorten siste ved Hjellemarka.

- Dyrast blei det for ein bil med ungdommar. Ingen av jentene i bilen brukte belte og det blei gebyr på alle i bilen. Totalt blei det ilagt gebyr for 6000 kroner på den eine bilen, forklarar Drange.

Mykje solfilm på rutene

58 bilar blei kontrollert for teknisk stand.

- Vi skreiv ut 8 skriftlege manglar som gjekk på solfilm på siderutane foran. Dette er som kjend ikkje lov og bileigar blei pålagt å fjerna desse.

Uroa over mobilbruk

Eit lovbrot som uroar inspektøren frå vegvesenet, men som dei ikkje har mynde til å gripa inn ovanfor er snakking i handhelde mobiltelefonar medan ein køyrer.

- Vi observerte fire fem gangar så mange førarar som snakka i handhelde mobiltelefonar, som førarar utan belte.

- Diverre er dette eit lovbrot som ligg utanfor vårt mynde, så vi hadde ikkje anledning til å gripa inn ovanfor desse.

- Mange av dei reagerte ikkje ein gong når dei såg oss, men fortsatte berre å prata i telefonen, avsluttar Drange.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.