Lokal | 05. des. 2012

Dyrisk god underhaldning

Samlar inn pengar til Dyrebeskyttelsen: Laurdag kan du sjå dei kjappaste hundane i bergensområdet i sving i hinderløypa til Fjellanger.

Dyrisk god underhaldning
Ein av hundane som viste seg fram i agilityløypa under opninga av hallen i oktober 2011. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 05. des. 2012 08:44

Det er duka for heftige rundar i hinderløypa når årets julecup i agility går av stabelen ved Fjellanger Hundeskole førstkomande laurdag.

– Under julecupen i fjor hadde vi så mykje publikum at det nesten blei trafikkaos i Åsen, ler Rune Fjellanger.

I oktober i fjor opna han den nye hallen med kunstgras.

Les òg: Full guff i ny hall

– Vi er omtrent fullbooka for vinteren, det har gått over all forventing.

– Men sommarhalvåret er det noko ledig kapasitet, så der ser vi på alternativ bruk av hallen, for eksempel utleige til mindre messer og seminar.

Laurdag er det Dyrebeskyttelsen og dei beste hundane innan agility i regionen som får glede av hallen. Og publikum.

Fekk inn 14.000 kroner

Sjølv om arrangementet har fri entré blei det under julecupen i fjor samla inn 14.000 kroner til Dyrebeskyttelsen.

– Det er private som bruker hallen laurdag og påmeldingsavgifta går til Dyrebeskyttelsen.

– I tillegg blir det sal av diverse effektar og noko loddsal, i fjor fekk dei inn rundt 14.000 kroner på arrangementet, som tydelegvis har stor publikumsappell.

– Kan skodelystne ta med eigen hnd, om dei har, eller vil denne uroa deltakarane.

– Klart dei kan ta med hunden! Deltakarane er hundar som er sosiale og godt vant med både tobeinte og firbeinte tilskodarar, forsikrar Rune Fjellanger, og lover julestemning og gløgg øvst på menyen i kiosken i Fjellangerhallen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.