Sport | 21. okt. 2020

E-sport: Os Fotball startar eige FIFA-lag

Jaktar på talentfulle FIFA-spelarar i kommunen.

E-sport: Os Fotball startar eige FIFA-lag
Rune Mo i Os Fotball gler seg over den nye satsinga til klubben. (Foto: Ørjan Håland)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandonsdag 21. okt. 2020 13:42

– Målet vårt er å finna dei beste FIFA-spelarane i Bjørnafjorden kommune. Desse spelarane vil få tilgang på øvingslokale og utstyr her på Kuventræ, og danna eit FIFA-lag i klubben vår.

– Dette FIFA-laget skal representera klubben som alle dei andre laga vi har, seier Rune Mo.

Siktar mot noregstoppen

I nasjonale FIFA-turneringar, som til dømes NM, er det slik at det er to og to som speler mot kvarandre. Dette gjer at Os Fotball i starten ikkje kjem til å ta inn mange utøvarar til sitt nye FIFA-lag.

– Vi har i første omgang tenkt at vi tek inn fire utøvarar. Desse vil utgjera klubbens FIFA-lag og konkurrera internt i klubben. Dei to beste vil etterkvart konkurrera saman i forskjellige turneringar, som til dømes NM.

– Målsetjinga er at vi skal kunne vera med å konkurrera på eit nasjonalt høgt nivå. Vi satsar på at vi etterkvart kan vera med å delta på dei gjevaste turneringane i landet og hevda oss i noregstoppen, påpeikar Mo.

Kvalifisering i november

I november blir det første uttaket av FIFA-spelarar unnagjort på Kuventræ.

– 2. eller 3. november kjem vi til å arrangera eit uttak. Då endar vi opp med eit lag på fire spelarar.

Men sjølv om du no i november vert teken ut til å utgjera Os Fotballs FIFA-lag, vil du i løpet av året få konkurranse om plassen.

– Vi kjem til å ha ei årleg klubbturnering, her vil alle kunne utfordra desse fire som vi tek inn no i første omgang, seier Mo.

Inkluderer fysisk trening

Sjølv om det høyres behageleg ut å sitja og spela FIFA, må det fysisk trening til for å enda opp på eit høgt nivå.

– Det blir ikkje berre speling og stillesitjing, desse utøvarane skal trena i 30 minutt eller meir i forkant av spelinga. Vi har mange forskjellige treningsmoglegheiter, dei kan til dømes jogga eller gå på løpebanen, dei kan svømma i Osbadet eller dei kan sjølvsagt spela fotball, seier Mo.

– Viss vi ser på dei som er best i landet og dei som presterer internasjonalt, så er det mykje fysisk trening som blir lagt ned i løpet av ei veke.

Manglar utstyr

I nysatsinga til klubben på Kuventræ, er det noko essensielt som manglar i lokala.

– Vi treng utstyr! No må vi få på plass den nye Playstation 5 som kjem i haust, nye konsollar, profesjonelle gamingstolar og gode skjermar.

– Vi har med andre ord ein jobb å gjera inn mot laguttak og dei første treningsøktene, avsluttar Mo.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker

Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Moglegheit for fleire brukarar
Les meir og bestill

Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.